nyhende

Ruteknusing i Sveio sentrum

Lokala til både Sveio Taxi og Etne og Sveio Gravferdsbyrå og Blomster blei utsette for ruteknusing natt til første juledag. Ein mann i 20-åra har erkjent skadeverk og innbrot.

Publisert Sist oppdatert

Det var Sveio Taxi som kontakta politiet om saka. Det var brukt ein murstein til å knusa ei rute i taxisentralen sine lokale. Det var også gjort forsøk på å opna dører i fleire parkerte bilar på staden, melder Haugesunds Avis som først skreiv om saka.

– Trong stad å vera

Medan politiet var på staden, kom mannen i 20-åra ut frå lokala til gravferdsbyrået, der det også var knust ei rute. Han forklarte til politiet at han hadde tatt seg inn i lokalet fordi han trong ein stad å vera. Det er ikkje meldt at noko er stole frå dei to lokala og det er heller ikkje gjort skadeverk innandørs, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon Nina Fagerland til Vestavind fredag morgon.

Dagleg leiar Kjell Grønstad i gravferdsbyrået fekk melding om innbrotet om føremiddagen første juledag.

– Eg har vore bortreist i julehelga og har difor ikkje vore og sett i lokala etterpå, seier Grønstad.

Robåt på rek

Politiet kan elles melda om ei roleg julehelg i Sveio. Ein eldre robåt er funnen på rek i Viksefjorden. Meldinga om dette kom frå ei adresse i Straumavegen. Det er snakk om ein Askeladden av eldre modell, kvit utanpå og oransje inni. Båten er utan motor. Han er no registrert som hittegods. Eigar kan kontakta politiet, opplyser Fagerland.

Rådyr påkøyrt

Natt til fredag blei eit rådyr påkjørt på E39 nær Førde. Politiet fekk melding om hendinga ved 02-tida. Ingen personar blei skadde, men det er ein del skader på bilen. Dyret sprang bort frå vegen etter samanstøyten. Viltnemnda er rutinemessig varsla, fortel Fagerland.

Powered by Labrador CMS