nyhende

Russen prøvde å bryta seg inn gjennom inngangsdøra bak dagleg leiar Emma Kinn.
Russen prøvde å bryta seg inn gjennom inngangsdøra bak dagleg leiar Emma Kinn.

Russ herja på Haukås bensinstasjon

Då Emma Kinn kom på jobb klokka 06.00 i dag tidleg, flaut det av boss og øydelagte gjenstandar. Overvakingsvideoar viste at syndarane er russ.

Publisert Sist oppdatert

Tre russebussar stoppa på bensinstasjonen klokka 01.10 i natt. Det var særleg russ frå to av bussane som var aktive.

På overvakingsvideoen kan ein sjå at russen prøver å bryta seg inn i den nattestengte bensinstasjonen via inngangsdøra. Den er sikra med dobbel lås, så dei gav etter gjentatte forsøk opp.

Sett ut av kaoset

Under stoppet slengt russen rundt seg med ølboksar, sparka på gjenstandar og har mellom anna øydelagt eit reklameskilt til om lag 5.000 kroner.

– Eg blei berre ståande heilt sett ut eit minutt framfor døra. Det var ikkje dette kaoset eg hadde rekna med å koma til tidleg ein heilagdag. Eg hadde sett for meg ein roleg start på dagen, men no blei det å rydda i full fart før eg opna, seier dagleg leiar Emma Kinn.

Nekta på fleire stasjonar

Ho varsla også alle dei andre Shell-stasjonane i distriktet, og det viste seg at to av russebussane var nekta å stå på fleire av dei døgnopne stasjonane i løpet av natta.

– Me har aldri opplevd noko liknade før. Det har vore mange russ innom på veg til og frå landstreff, og dei har berre vore høflege, bestilt mat, tålmodige i køen og rydda opp etter seg, seier Kinn, som sjølv var russ for tre år sidan.

Tissa over alt

Naboen til bensinstasjonen fekk også besøk. Hos han røska dei opp tulipanar frå blomebedet og tissa på bilen hans.

Og det var ikkje berre der dei tissa. På videoen kunne ein sjå at dei tissa nesten over alt på stasjonen, i buskar og ved bærbua.

Når russen først fekk for seg at dei skulle herja, valde dei feil stasjon.

Heilt nytt overvakingssystem

– Me har nettopp fått nytt overvakingssystem med både ansikt- og skiltgjenkjenning. Det er heilt tydeleg på videoane kven som gjer kva. Dessutan har russen namn på kleda. Eg reknar med at politiet kjem til å finna ut av dette, seier Kinn.

Ho fortel at det også var ein russ som prøvde å rydda opp i galskapen, men han gav opp.

Saka er meldt, og politiet har både vore på staden og sikra overvakingsopptak.

– Det blir oppretta sak på skadeverket. No vil me koma til bunns og finna ut kven som har gjort dette, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Dag Magne Gaard, til Haugesunds Avis som skreiv om saka først.

Powered by Labrador CMS