nyhende
Rusa førar i stolen bil stoppa av politiet
Ei bilførar vart stoppa av ei politipatrulje på fylkesveg 47 med stolen bil og ugyldig førarkort. Vedkommande fremstod som rusa og vart gripen av politiet.
Det var rundt midnatt natt til onsdag at ein politipatrulje som køyrde på fylkesveg 47 nord i Sveio, kom bak ein bil dei oppdaga det var noko spesielt med.
Bilen var registrert som stolen og heldt ei gjennomsnittsfart på 20 kilometer i timen i 60-sona.
Då politiet gav teikn til å stanse valde føraren å køyre heim i staden for å stoppe.
Vedkommande, som er kjend for politiet frå før, fremsto rusa for politiet, og vart framstilt for blodprøvetaking.