nyhende
Rungande nei til vindkraft i Sveio
Med 22 mot tre stemmer sa kommunestyret måndag nei til landbaserte vindturbinar i Sveio. Kommunestyret vedtok også å senda ein førehandsuttale til NVE om dette standpunktet.
Det var under behandlinga av samfunnsdelen i kommuneplanen at spørsmålet om vindkraft kom opp. John Kristian Økland (H) var først ute med eit forslag om å seia nei til store vindkraftturbinar.
Ordet «store» blei då eit heitt diskusjonstema. Både Håkon Skimmeland (Ap) og Rune Teikari (Frp) ville ha eit klart nei til all landbasert vindkraft i kommunen. Og Ole-Ørjan Hov (MDG) måtte konstatera at han for ein gongs skuld var einig med Frp!
Eit lite atterhald
– Heller ikkje eg vil ha vindturbinar på land, og i alle fall ikkje i Sveio, slo MDG-representanten fast.
Etter fleire innlegg endra Økland forslaget sitt og strauk det omstridde ordet «store».
Hov kom rett nok tilbake med eit lite atterhald. Han ville forsikra seg om at vedtaket ikkje kom til å stengja for små, såkalla husstandsvindmøller. Sidan ordet «vindturbinar» er brukt i vedtaket, fekk han forsikringar om at dette gjeld kommersielle anlegg og ikkje private møller.
Seier frå på førehand
Tilleggsforslaget om straks å senda ein førehandsuttale til NVE, var det Rune Teikari som sette fram.
– Av omsyn til pågåande og framtidige vindkraftetableringar, ønskjer me å seia frå at Sveio ikkje ønskjer etablering av landbasert vindkraft i kommunen, heiter det i tilleggsforslaget som blei vedtatt.
Jarle Jacobsen (KrF) tilhøyrde mindretalet på tre som stemte mot uttalen om vindkraft.
– Eg er for vindkraft, og helst til havs, sa Jacobsen.
Han meinte det var rett å venta med å uttala seg om landbaserte vindkraftanlegg til det ligg føre ei konkret sak. To Sp-representantar støtta Jacobsen i dette synet.
Budde på kamp
Blant vindkraftmotstandarane i Sveio, blir vedtaket motteke med glede.
– Me vil gje ros til politikarane for at dei har lytta til signala frå innbyggarane. Me er veldige glade for at uttalen er så klar og tydeleg, og at standpunktet kjem så tidleg i prosessen, seier Sverre Halleraker, talsperson for Nei til vindkraft i Sveio.
Han vonar no Solvind vil gjera som dei har sagt tidlegare: ikkje gå vidare med søknaden om kommunen seier nei.
– Men me tar ikkje sigeren på forskudd, og er budde på å jobba med ein høyringsutale om det kjem så langt at konsesjonssøknaden blir behandla, seier Halleraker.
Møttest i Vigdartun
Kommunestyret i Sveio møttest denne gongen fysisk for første gong etter at smitteverntiltaka i samband med koronaepidemien blei innførte.
Av plassomsyn blei møtet halde i auditoriet i Vigdartun. Møtet var også ope for publikum, men samla ingen stor tilhøyrarskare.