nyhende

Namnet skjemmer ingen, men alle skal ha eit namn.
Namnet skjemmer ingen, men alle skal ha eit namn.

Rundt 300 barn i året utan namn

Kvart år er det rundt 300 norske barn som ikkje får eit namn før dei er eit halvt år. Men Folkeregisteret avlivar ein namnemyte mange trur på.

Publisert Sist oppdatert

Det er nemleg ikkje sånn at staten gir barna eit tilfeldig namn viss dei ikkje har fått eit før fristen som er sett i namnelova. Den seier at alle barn må ha eit namn innan dei blir eit halvt år.

– Folkeregisteret tildeler ingen namn. Kvar den historia kjem frå, veit eg ikkje, seier avdelingsdirektør Roar Sellevoll i Folkeregisteret til NRK.

Han fortel at rundt 300 barn i året ikkje får eit namn innan fristen. Talet held seg ganske stabilt.

Det som faktisk skjer viss barnet ikkje får eit namn, er at det blir registrert på mors namn. Eit namnlaust barn av ein som til dømes heiter Kari Hansen, blir registrert som anten Kari*Pike Hansen eller Kari*Gutt Hansen.

Namnet gjer at barnet kan komme inn i register og system som gir rett til barnehage- og skuleplass.

Powered by Labrador CMS