nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Rundt 200 dosar med AstraZeneca er gitt i Sveio

Som formidla frå FHI gjennom nyhendesak 11. mars, har Noreg vald å setja vaksinasjon med AstraZeneca-vaksinen på pause.

Publisert Sist oppdatert

Sveio har også nytta denne vaksinen. Ifølgje kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Toft, er det sett ca. 200 dosar AstraZeneca i Sveio, og dei er sette dei siste tre-fire vekene. Siste vaksinasjon var torsdag 11. mars.

Ifølgje FHI er det ikkje konkludert at det er ein samanheng mellom vaksinen og hendinga i Danmark, men tiltaket blir sett i verk som eit føre var-prinsipp medan vidare utgreiing blir gjort.

Innkalling til vaksinasjon med AstraZeneca-vaksinen blir mellombels utsett til det kjem ny informasjon frå FHI.

Vaksinasjon med Pfizer-vaksinen vil halda fram blir det opplyst på Sveio kommune sine nettsider.

Powered by Labrador CMS