nyhende

Haukeland universitetssjukehus har i to rundar måtta utsetje om lag 1.000 operasjonar. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Haukeland universitetssjukehus har i to rundar måtta utsetje om lag 1.000 operasjonar.

Rundt 1.000 operasjonar korona-utsette ved Haukeland

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Sidan mars 2020 har om lag 1.000 operasjonar ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen vorte utsette som følgje av koronasituasjonen.

Det viser tal som overlege Christian Beisland ved Haukeland universitetssjukehus la fram for Bergensavisen (BA) torsdag.

Frå nedstenginga 12. mars 2020 og til påska same året vart mellom 550 og 600 operasjonar utsette ved sjukehuset. Frå oktober 2021 vart også hundrevis av operasjonar utsette. Alle utsetjingane kom av pandemien og pandemiberedskapen ved sjukehuset.

I desember forklarte Beisland til BA at personalmangel og koronautbrot førte til utsetjingane i haust.

– Det går dessverre ofte utover pasientar med kroniske lidingar og mykje smerter, sa Beisland då.

No i januar er sjukehuset i full drift.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS