nyhende
Runar (23) har Jesus som førebilete
Runar Larsen skal opp på to preikestolar i løpet av nyårshelga. – Det er spesielt å halda preike for ein kyrkjelyd der alle veit kven eg er og har kjent meg store delar av livet, men eg kjenner ikkje at det er skummelt eller vanskeleg, heller litt gøy, seier teologistudenten.
Runar Larsen studerer for tida ved MF vitenskaplig høyskole i Oslo (tidlegare Det Teologiske Menighetsfakultet). Her har han studert ungdomskultur og trusopplæring i tre år, og er no ferdig med sitt første semester på profesjonstudiet i teologi på høgare nivå. Studiet er til saman seks år.
– Kva gjer du for å likna på Jesus – utanom og i tillegg til utsjåanden?
– Det er nok utsjånaden eg liknar mest på Jesus, og det er eit kallenamn eg får relativt ofte. Spesielt når eg er saman med born. Eg ser på Jesus som eit førebilete. Spesielt er eg oppteken av nestekjærleik. Det er viktig å ta vare på andre medmenneske. Men som ein luthersk kristen i Noreg i 2020, liknar eg nok ikkje så veldig på Jesus, korkje i utsjånad eller noko anna. Men eg trur det er viktige verdiar som bibelen gir oss som me kan læra av i dag, sjølv om me lev i eit heilt anna samfunn, seier Runar Larsen.
Dataspelutviklar eller prest?
Etter konfirmasjonen byrja sveibuen å jobba som kyrkjetenar i Sveio kyrkje, og han byrja i tensing. På denne tida var planen å bli dataspelutviklar. Men slik skulle det ikkje gå.
– Eg blei meir og meir aktiv i arbeidet i kyrkja, spesielt ungdomsarbeidet. Då eg gjekk tredje året på vidaregåande var eg veldig usikker på om det var data eg skulle studera eller om eg skulle satsa på teologi. Då fann eg ut at data passa betre som hobby enn som jobb, og eg bestemte meg for at teologi var vegen å gå.
– Blir kristen tru lettare eller vanskelegare ved å studera teologi?
Vil bli sokneprest i ei bygd
Ved studiestart hadde Larsen ein klar plan på at han skulle rett tilbake til Sveio når han var ferdig utdanna. No er han ikkje lenger så sikker.
– Dess meir eg studerer, dess meir har eg blitt open for andre ting. I dag er eg meir fleksibel på kor eg endar opp, men eg ønskjer å vera sokneprest i ei bygd. Eg vil ikkje bu og jobba midt i ein storby. Utanom det så tenkjer eg at finn eg ei dame som vil bu ein annan plass enn Sveio, så er eg open for det, smiler teologistudenten.
Fekk drahjelp av corona
Ifølgje Larsen har coronapandemien både vore utfordrande og vanskeleg, men den har også gitt han litt ekstra drahjelp med studiet.
– I år skulle eg ha dei to vanskelegaste semestera eg kunne tenkja meg. I vår hadde eg hebraisk og gresk, der eg skulle ha skuleeksamen i gresk. Den blei gjort om til innleveringar, som var avslappande. I haust skulle eg ha hebraisk eksamen på skulen, den blei gjort om til heimeeksamen, noko som også gjorde dette semesteret mykje lettare enn eg frykta, fortel Runar Larsen. Han vil avslutningsvis helsa til familie og venner, til kyrkjelyden og til sveibuen generelt.