nyhende
Røyk frå bubil
Onsdag kom det melding om røyk frå ein bubil i Bømlafjordtunnelen.
På kveldstid onsdag fekk politiet ei melding frå nokon i Bømlafjordtunnelen.
— Det var ein bubil som det kom røyk frå. Meldinga kom klokka 18.47, seier Nina Fagerland, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Bubilen køyrde i sørgåande retning på E39. Ifølgje innringar var det snakk om kvit røyk.
— Den kom frå undersida av bubilen, seier ho.
Annonse
Ein patrulje køyrde til tunnelen for å sjå etter bubilen.
— Dei såg ingenting til bubilen, men det var framleis litt røyk i tunnelen, seier Fagerland.