nyhende

Haugaland brann og redning rykka ut til to brannar samstundes i Sveio laurdag.
Haugaland brann og redning rykka ut til to brannar samstundes i Sveio laurdag.

Rosar naboar for rask brannslokking

To naboar til får ros av brannvesenet for rask og effektiv innsats då det byrja å brenna ved Bjørgavegen heilt nord i Sveio laurdag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

– Innsatsen deira medverka til at gras- og lyngbrannen ikkje fekk utvikla seg til ein større skogbrann. Gunstig vindretning var også til god hjelp, seier fungerande brannsjef i Haugaland brann og redning, Thor Arne Larsen.

Han var sjølv innsatsleiar på staden, og fortel at rundt 100 kvadratmeter blei svidd av.

To brannar

Haugaland brann og redning fekk inn to brannmeldingar frå Sveio like etter kvarandre laurdag ettermiddag. Den første kom frå Kvalvåg rundt klokka 15.50, der det oppsto grasbrann etter eksplosjon i ein trafostasjon. Eksplosjonen førte også til at mange sveibuar blei straumlause i kortare eller lengre periodar.

Thor Arne Larsen var nett komen fram til brannstaden på Kvalvåg då meldinga om brannen ved Bjørgavegen kom inn like før klokka 16.00. Han drog då vidare nordover medan Tore Jonan Enerstvedt heldt fram med å leia slokkingsarbeidet ved Kvalvåg.

– Det var ganske hektisk ein periode. Me hadde vel rundt 20 brannfolk ute på slokkingsarbeid, fortel Larsen.

Det var Haugesunds Avis som først omtalte dei to brannane i Sveio laurdag. Ved 16.30-tida blei det meldt at  brannvesenet hadde kontroll over brannen ved Kvalvåg. Klokka 17.09 var også brannen ved Bjørgavegen slokka, ifølge politiet.

Under etterforsking

Etterforskingsleiar Terje Njærheim i Sør-vest politidistrikt opplyser til Vestavind måndag føremiddag at brannen ved Kvalvåg framleis er under ettforsking. Eitt vitne er avhøyrd. Politiet har enno ikkje konkludert om brannårsak.

Når det gjeld brannen ved Bjørgavegen opplyser Njærheim at politiet ikkje hadde kapasitet til å senda folk dit, blant anna på grunn av brannen ved Kvalvåg. Det er ikkje oppretta sak på brannen ved Bjørgavegen.

Powered by Labrador CMS