nyhende
Roald Amundsen i 150 år
I år er det 150 år sidan den internasjonalt kjende polarhelten vår Roald Amundsen (1872–1928) vart fødd. Jubileet blir markert på ulikt vis utover året. Allmenta får mellom anna innsyn i både dagboka og private brev, og det kjem ein ny bronsebyste.
Polfararen og oppdagaren Roald Engelbregt Gravning Amundsen blei født 16. juli 1872 i Borge, som i dag er ein del av Fredrikstad. Mannen er mest kjent for å ha vore leiar for den første ekspedisjonen som nådde fram til det geografiske Sørpolspunktet i desember 1911 og for å ha segla gjennom Nordvestpassasjen for første gong i 1903.
Fødestaden open for publikum
Skipperhuset som polarhelten vart fødd i ved utløpet til Glomma står der framleis, og vert kalla «Tomta». Stiftelsen Roald Amundsens fødested vart etablert i 2020, og dei har pussa opp huset og gjort det tilgjengeleg for publikum sommaren 2021.
– Ved opplevingssenteret Roald Amundsens fødested (RAF) i Fredrikstad blir det jobba med fleire større prosjekt som skal arrangerast i samband med jubileet. I tillegg vert det i desse dagar bygd ein kopi av Framheim, som var huset Roald Amundsen hadde med seg til Sørpolen. Det blir også bygd ei brygge på staden der større båtar kan leggje til. Ei større utstilling om livet til Roald Amundsen, «Drøm store tanker – nå høye mål», vart elles opna i fjor, opplyser Wiggo Andersen ved RAF, til Nynorsk pressekontor.
Amundsen-familien flytta frå Østfold til Kristiania (Oslo) nokre månader etter at Roald vart fødd. Han voks opp saman med dei eldre brørne Leon, Gustav og Tonni i Uranienborgveien. Amundsen byrja å studere medisin i 1890, men etter at begge foreldra var døde, via han seg heilt til polarforskinga.
Kva står i dagboka til ein polarhelt?
I 1908 kjøpte Amundsen ein eigedom på Svartskog, som i dag ligg i Nordre Follo kommune. Han gav staden nede ved sjøkanten i Bunnefjorden namnet Uranienborg etter barndomsheimen. Her blei alle ekspedisjonane planlagde. Han budde der til sin død i 1928. Huset er i dag museum.
– Ved Roald Amundsen-heimen skal 150-årsjubileet sjølvsagt markerast. 1. februar sleppte vi ein ny podkastserie, kalla «Puslespillet Amundsen», opplyser fagkonsulent ved Roald Amundsens Hjem, Anders Bache.
– I vår ser vi elles fram til å lansere ei fysisk utgåve av den private dagboka hans, og til sommaren skal vi ha fleire omvisingar og arrangement her på Svartskog. Sjølve bursdagen hans skal markerast med ein skikkeleg bursdagsfest, men detaljar om det kjem etter kvart. Vi skal også fylle på med fleire digitale utgivingar på nettsida vår, både digitale utstillingar, artiklar, digitalisering av samlingar og arkiv, fortel han.
Brevveksling i bokform
Frammuseet på Bygdøynes i Oslo har polarskipet «Fram» frå 1892 som hovudattraksjon. Museet skildrar dei historiske norske polferdene og dei tre polfararane Fridtjof Nansen, Otto Sverdrup og Roald Amundsen. Museet har også planar for 150-årsmarkeringa.
– Vi skal gi ut brevvekslinga mellom Roald Amundsen og brørne mellom 1893 og 1927. Det er meir enn 1.000 brev i tre bind. I samband med det blir det også ei utstilling som opnar første helga i desember, under den 10. årlege Roald Amundsens minneforelesingar 2. og 3. desember, opplyser museumsdirektør Geir O. Kløver ved Frammuseet til Nynorsk pressekontor.
Byste på Kolbotn
Oppegård historielag skal gjennom heile 2022 heidre Roald Amundsen gjennom ulike jubileumsaktivitetar, fortel laget på nettsidene sine. Det blir lagt opp til ein eigen polarkveld i kulturhuset Kolben 7. mars, og det er også planar om ein Roald Amundsen-marsj frå Svartskog til Kolbotn.
Høgdepunktet blir avduking av ein bronsebyste av Roald Amundsen, som kunstnaren Leon Roald har fått oppdraget med å lage. Bysten skal stå på Kolbotn torg, men grunna utbetringsarbeid på torget skal den først få ei mellombels plassering utanfor det tidlegare rådhuset i Oppegård. Bysten og jubileet blir finansiert av lokale foreiningar og bedrifter. Samtidig er Nordre Follo kommune nær samarbeidspartnar.
(©NPK)