nyhende

— Risikerer å mista frø me har sådd

Sveio Golfpark vatnar det dei kan, men no byrjar det å bli ille på enkelt område. — Det er ikkje nok med ei styrtbyge, seier Gavin Hinds, dagleg leiar i Sveio Golfpark.

Publisert Sist oppdatert

Golfgraset er kort, og på delar av banane er det alt både svidd gras og døde flekkar etter den tørre og varme perioden me har hatt.

— Me er spesielt uroa for den nye banen som er sådd. Kjem det ikkje regn snart, risikerer me å mista frøa, seier Hinds.

Treng mykje regn

Han håper på mykje regn, snarleg, for det er ikkje nok med vatnet som blir spreidd. Sveio golfpark har eit privat vassanlegg som hentar vatn frå Bjellandsvatnet. Dei belastar ikkje dei kommunale vassleidningane, og kjem derfor ikkje inn under vatningsforbodet.

— Me gjer det me kan, men me treng regn. Og mykje regn over tid. Ei styrtbyge er ikkje til hjelp. Slik det er no, er det stå tørt at vatnet frå ei byge berre blir liggande oppå og renn vekk, ikkje ned i jorda. Allereie no ser me at det vil ta tid for å få banane tilbake i topp stand, seier Hinds.

Vatningsforbod

Det ser ut til at helga blir den varmaste så langt i år, men for alle som er kopla til dei kommunale vassleidningane gjeld framleis vatningsforbodet.

Me minner også om eit anna viktig forbod:

Powered by Labrador CMS