nyhende
Ringde politiet då dei barka laus på kvarandre
Søndag rykka politiet ut til vest i kommunen etter melding om slagsmål.
Rundt ettermiddagstid på søndag fekk politiet ein telefon om ei hending i Sveio.
– Det har vore ein krangel mellom to menn som enda i slagsmål, seier vaktsjef Anna Østensvik-Lu ved Haugesund politistasjon.
Ein til legevakt
Då køyrde dei til eit vestleg område i kommunen kor dei kom i kontakt med dei to som hadde slåss.
Annonse
– Det vart «handgemeng» og begge har mindre skadar. Den eine var innom legevakten, seier Østensvik-Lu.
Politiet har oppretta sak, men kan ikkje fortelja kvifor mennene byrja å slåss.
Innbyrdes krangel
– Sidan dei begge var utanlandske vart det ikkje klart kva årsak for hendinga var. Me reknar med det var ein innbyrdes krangel, seier ho.
Annonse
– Er dei kjend for politiet frå før?
– Nei, svarar ho.