nyhende
Riksantikvaren er bekymra for verneverdige naust og sjøhus
Det er større interesse for å ta vare på kulturhistoriske bygningar og kulturmiljø enn tidlegare. Likevel er det fleire verneverdige bygningar som forfell, særleg langs kysten, seier riksantikvaren.
– Eg opplever at pendelen har svinga. Det er større interesse for å ta vare på og utvikle kulturmiljøa våre no enn før. Heldigvis ser fleire på kulturmiljøa våre som ein ressurs, seier riksantikvar Hanna Geiran til Nynorsk pressekontor.
Ho har vore i stillinga i fem år. Etaten hennar er direktorat for kulturminneforvaltning og fagleg rådgivar for Klima- og miljødepartementet i utviklinga av den statlege kulturminnepolitikken. Riksantikvaren har også ansvar for at denne politikken blir gjennomført.
Geiran seier vi er inne i ei tid der vern av kulturarv og kulturminne står sterkare i befolkninga enn tidlegare.
– Kulturminne handlar om kven vi var, er og kan bli. Det er ein spennande kombinasjon mellom å ta vare på verdiar frå fortida og ta dei med inn i framtida.
Men lenge var det ikkje slik. Særleg i etterkrigstida handla utviklinga i Noreg om å rive mykje gammalt, fortel Geiran.
Gammalt rusk
– Då var det stor tru på nye materiale og ny teknologi. Det handla lite om å ta vare på fortida. Noreg skulle utviklast, og då skulle ikkje det gamle rusket vere med.
Pendelen fekk eit rykk i 1975. Det var Arkitekturvernåret – vedteke av Europarådet – som skulle vere eit år for vern av felles europeisk arkitekturarv. Dette året var det som starta å snu pendelen frå tankane i etterkrigstida om å rive gammalt og byggje nytt, til ønsket i dag om å bevare.
– Det blei eit fokus på kulturmiljøa våre som noko som tilhøyrer oss alle. Riksantikvaren har jobba med å vise korleis kulturmiljøa er ein ressurs i samfunnsutviklinga, for byar og bygder , verdiskaping og næringsutvikling.
Likevel er det fleire kulturminne som forfell. Spesielt langs kysten.
– Det årlege tapet av bygningar blir gradvis mindre, men vi ser at naust og sjøhus er bygningstypen det forsvinn flest av no. Samfunnet endrar seg og husa blir ikkje brukte som før – og blir dei ikkje brukte, kjem forfallet.
Fråflytting fører til forfall
Også i landbruket er det fleire verneverdige bygg som er viktige for kulturarven vår, men som står i fare for å forsvinne.
– Vi mistar småbruk, arbeidarbustadar og husmannsplassar – det ser vi i miljøovervakingsprogrammet. Det handlar om endringane vi ser i samfunnet elles, at vi flyttar til meir sentrale stader.
Mykje av dette er knytt til at fleire flyttar vekk frå bygdene – og inn til sentrale delar av landet – som gjer at mellom anna sjøhus og gardshus blir ståande ubrukte.
– Det er store demografiske endringar i Noreg og nabolanda våre. Tendensen til at folk flyttar til meir sentrale strøk er ikkje noko vi hos Riksantikvaren kan endre med verkemidla våre. Men vi jobbar med å leggje til rette for å bruke gamle bygningar vidare. Då kan vern vere eit alternativ, men like viktig er regelverk som gjer det attraktivt å bruke dei gamle, og ikkje fullt så gamle husa vidare.
Heller gjenbruk enn freding
– Bygningar som blir tilpassa ny bruk har mindre tap, det vil seie at vern gjennom bruk fungerer. Det er Riksantikvarens mantra. Det er òg viktig å hugse at dei mest klimavenlege bygningane allereie er bygde. Eksisterande bygningar har teke klimakostnadane ved materialar, frakt og bygging, seier Geiran.
Freding er eitt av verkemidla Riksantikvaren brukar i forvaltninga av kulturminna – og betyr at til dømes eit bygg, eit anlegg eller område, blir varig verna for ettertida. Andre verkemiddel er bevaringsprogram, miljøovervaking og rettleiing.
Geiran seier freding er ein måte dei kan ta vare på slike bygningar, men at det er viktigare for Riksantikvaren å leggje til rette for at bygningane blir tekne vare på gjennom vidare bruk.
– Det tek over 40 år før eit klimanøytralt nybygg blir like klimavenleg som eit eldre hus. Difor er bevaring klimakutt som monar her og no. Nokre av dei vi tek vare på kan også vere morgondagens kulturminne. Bevaring og gjenbruk av kulturminne og kulturmiljø er ein viktig del i kampen mot klimaendringane.
– Vi ser generelt at interessa for kulturarv og kulturmiljø er stor i Noreg. Også i eigedomsbransjen – blant eigedomsutviklarar, arkitektar og konsulentar – er det større velvilje for å bruke bygningar vidare, i staden for å rive.