nyhende

Rikka Ramsdal

fødd 7. mars 1924 på Tveita i Valestrand.

Publisert Sist oppdatert

Saka var på trykk for første gong i Vestavind 11. april 2019.


Eitt av Rikka sine første minne er då ho i fire-fem års alderen fekk ei heimelaga dokke i julepresang.

– Mor hadde skrive til Utstyrsmagasinet i Oslo etter hovud, armar og bein, resten sydde ho sjølv, fyllet var sagflis, tørka i steikeomnen. Seinare var det ein gut som absolutt ville ha denne dokka, og då lova mor at eg skulle få ei ny, ei sovedokka med hår. Den vart eg glad i, og tok godt vare på, minnast Rikka Ramsdal.

På stovegolvet står ei bøtte med 95 roser i, – like mange som Rikka er år. Ho fortel at bursdagsfeiringa så vidt har lagt seg og blomane er frå hennar nærmaste, blant anna fem born, 12 barnebarn, 16 oldebarn, og to tippoldebarn.

Rikka har vore enkje i snart 25 år, og har mykje å sjå tilbake på. I det gamle huset frå 1882 er ho fødd, og her på garden har ho hatt heile sitt vaksenliv. Farfaren hennar, Ole Vik frå Osterøy, var den første i slekta som kom hit til Tveita. Våningshuset var då flytta frå det tidlegare klyngetunet som låg litt lenger aust. Rikka overtok garden etter sine foreldre, Sigurda og Anders Vik, og saman med ektemannen Hans Meidel Ramsdal, dreiv ho garden i mange år.

– Det var far som ville at eg skulle heita Rikka etter passepika si på Osterøy, fortel valestrendingen som vaks opp som yngst i ein søskenflokk på tre jenter.

– Far hadde lyst på ein son til å hjelpa seg på garden, men det fekk han ikkje, dermed blei det eg som blei sonen, ler Rikka. I oppveksten arbeidde ho mykje med faren, blant anna henta tømmer med hest og kjerre, og køyrde fram stein når faren steinsette veiter.

Frå stoveglaset kan ho sjå bort på Fartein Valen-huset. Rikka kjende både komponisten og søster hans Sigrid svært godt.

– Eg snakka ofte med Fartein då me gjekk til Valevåg ilag, eg skulle ned og handla, han skulle i posten. Fartein var svær til skriva, han hadde alltid ei stor bunke med brev som skulle sendast. Han var ein kjekk mann å koma i lag med, eg snakka med han som eg snakkar med einkvan annan, eg tenkte vel heller ikkje over at han var ein kjent komponist.

Til Sigrid gjekk me jentene i barneforeining, ein dag me sat i stova hennar kom Fartein inn og spurde om me ville høyra når fisken hoppa i vatnet. Jau, det ville me sjølvsagt. «Ja, då må de vera med meg inn i stova mi», sa Fartein, og så sette han seg til pianoet og spela. Det var svært kjekt, minnast Rikka.

Til konfirmasjonen fekk ho ei eske med fire lommetørkle, 10 kroner, der halvparten var frå bestemora, eit smykke, og ei sølvskei.

– Mønsteret på skeia heitte Anitra og eg bestemte meg for at det ville eg samla på, og det har eg gjort.

Valestrendingen sette seg også andre mål som ho prinsippfast har halde fast ved:

– Då eg var lita såg eg mange gamle med grått hår, då bestemte eg meg for at det ville eg aldri ha! Den lovnaden har eg halde, ler den sprudlande valestrendingen. Ho likar å strikka og lesa, og likar elles å farta i inn- og utland, og har besøkt 22 land.

Powered by Labrador CMS