nyhende

OHege Riise er tilsett som ny landslagssjef for Noreg. Foto: Jil Yngland / NTB / NPK
OHege Riise er tilsett som ny landslagssjef for Noreg.

Riise ny landslagssjef for Noregs fotballkvinner

Hege Riise rykker opp og får trenaransvaret for det norske kvinnelandslaget i fotball dei neste åra. Tidlegare i sommar leidde ho Noreg til sølv i J19-EM.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB:  Det opplyser Noregs Fotballforbund i ei pressemelding.

Med seg i trenarteamet får ho med seg Monica Knudsen, Ingvild Stensland og Jon Knudsen.

– Vi er stolte av å kunne presentere ny landslagssjef som kan skilte med utrulege resultat både som speler og trenar, og som kjenner betre enn nokon konkurransen som møter oss der ute, seier fotballpresident Lise Klaveness.

NFF går for ei intern løysing etter at Martin Sjögren måtte gi seg. Svensken hadde eitt år igjen av kontrakten, men betalte prisen for endå ein EM-fiasko.

Tap for England (0–8) og Austerrike (0–1) gav norsk exit i gruppespelet.

– Når ein ser på dei beste EM-laga, må vi erkjenne litt kvar vi står no og jobbe ut frå det. Vi må dyrke det vi er gode på og vere kyniske nok på å ta vekk det motstandarane er gode på, seier den ferske landslagssjefen.

Mange har sidan peika på Riise som ein naturleg erstattar. Det har også NFF-leiinga konkludert med. 53-åringen leidde nyleg J19-landslaget heilt til EM-finalen.

Som speler vart ho både europameister (1993), verdsmeister (1995) og olympisk meister (2000) med Noreg. Ho var ein av sin generasjons aller beste spelarar og toppar den norske lista over flest landskampar (188).

Erfaren

Riise har også ei rekkje merittar å vise til frå tida som trenar i LSK Kvinner. Ho vart dobbeltmeister (serie og cup) med klubben i 2016, 2018 og 2019. Det vart ikkje cupgull i 2017, men LSK tok ein suveren ligatittel.

I januar i fjor tok Riise over som mellombels trenar for Englands kvinnelandslag i tre treningskampar, og seinare fekk ho jobben med å leie Storbritannia i Tokyo-OL. Britane gjekk enkelt vidare frå puljespelet, men rauk i første utslagsrunde mot Australia etter ekstraomgangar.

Frå 2009 til 2012 var Riise assistenttrenar for USA under svenske Pia Sundhage. Der var Riise med på å vinne sølv i VM i 2011 og gull i OL i 2012.

Rett til VM?

Noreg kan allereie i Riises første kamp kvalifisere seg til det niande VM-sluttspelet sitt av like mange moglege. Eitt poeng i Belgia 2. september vil ordne det.

Klarer ein ikkje det, vil eit avgrensa tap (inntil tre mål) og heimesiger over Albania 6. september også løyse ut billett.

– Det blir hektisk, men vi skal bruke tida no til å preppe inn mot dei første kampane. Alle skjønner kva dei kampane betyr, og vi ser no alle Belgias kampar frå EM og på korleis vi skal slå dei, seier Riise.

Sluttspelet er i Australia og New Zealand neste år og avgjer mellom anna kven som får vere med i Paris-OL om to år. Neste EM følgjer om tre år. Kvar det blir arrangert, blir avgjort i desember. Ein nordisk søknad med kampar mellom anna i Noreg er eit av alternativa.

Noreg har ikkje teke seg forbi ein kvartfinale sidan vegen mot EM-finalen i 2013.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS