nyhende

For ikkje å køyra over reven må ein over sperrefeltet og delvis motgåande køyrefelt. Foto: Ellen Marie Hagevik
For ikkje å køyra over reven må ein over sperrefeltet og delvis motgåande køyrefelt.

Rev måtte bøta med livet

Om du er på veg nordover på E39, ver obs på at det ligg ein påkøyrd rev midt i køyrefeltet like før avkøyrsla til Våga og Bråtveit.

Publisert Sist oppdatert

Å kryssa E39 kan desseverre føra til ein brå død. I dag tidleg fekk Sør-Vest politidistrikt melding om ein påkøyrd rev. Vegvesenet er varsla og skal vera på veg for å fjerna reven, men den låg der framleis midt i køyrefeltet då Vestavind sin redaktør kom forbi på veg til jobb.

Fleire bilar på veg sørover blinka med lysa, men den påkøyrde reven kom likevel brått på. For ikkje å køyra over den må ein over i i sperrefeltet og delvis motgåande køyrefelt.

Powered by Labrador CMS