nyhende
Rettleiar for besøk hos eldre
Helseminister Bent Høie sa på styresmaktene sin pressekonferanse måndag at han er oppteken av å motverka einsemd hos eldre, ikkje minst dei som bur på institusjon.
Difor skal det utarbeidast ein retleiar for besøksordningar, sa helseministeren.
For sjølv om eldre også er i den mest utsette risikogruppa for covid-19-viruset, åtvara også Høie mot psykisk og fysisk sjukdom som kan utvikla seg på grunn av langvarig isolasjon.
Elles er det barn og unge som har høgaste prioritet hos styresmaktene nett nå. Torsdag er det venta oppmjuking av reglane for fotball og andre idrettsaktivitetar.