Vestavind fekk tidleg i sist veke melding om at det var store hol i vegbana på Øklandsvegen, det gjaldt strekninga mellom Rød og Fagerland. Ein plass var holet blitt så stort, at nokon i sist veke sette ned kvistar og bregner, mest sannsynleg for å åtvara andre bilistar.
– Det er galskap at ingen ser dette, det eine holet er djupt, fastslår ein sveibu Vestavind har hatt kontakt med.
Vil lappa holene
Det er Vestland Fylkeskommune som er vegeigar, og me rettar ei henvending til dei. Etter over ei veke, inkludert purringar, kjem me i kontakt med rette person.
– Me skal syta for at holene blir lappa, seier Roger Lemme i avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
God tilstand
– Korleis er tilstanden på vegen ellers?
– Den er generelt god. I hovudsak dreier dette seg som reparasjonar i område der dekket er krakelert og oppsprekt, har mindre setningsskadar eller slaghol, og vil bli handtert i driftskontrakten, opplyser Lemme.
Det er ikkje planar om å leggja nytt dekke på vegen i år.
Vestavind fekk melding frå ein lesar om at Mesta var i gong med å fylla asfalt i holene tysdag denne veka.
– Det verste er tatt, men det er mykje igjen, bekreftar ein annan.