nyhende

Retta feil om Sveio i NRK sin valguide

NRK laga ein stor guide for alle kommunar til hausten sitt val. Når dei skulle skriva om Sveio vart det ikkje heilt riktig. — Det såg litt snodig ut, seier André Mundal Haukås, ordførarkandidat for Høgre.

Publisert Sist oppdatert

I går la NRK ut sin guide til lokalvalet i 2023. Der kan ein velja kva kommune ein ynskjer og få presentert nokre viktige saker, og kva dei forskjellige partia meiner om dei.

I Sveio var dei første sakene påstandar om ny kommunal barnehage, ny symjehall og ny idrettshall.

Partileiarane vart spurte av NRK for om lag ein månads tid sidan om dei tre sakene, og bedt om å svara «einig» eller «ueinig».

«Alle» mot ny barnehage

Ordførarkandidaten for Høgre la i går merke til at det var noko som ikkje heilt stemte med valguiden.

— Eg kikka gjennom, og plutseleg var nesten alle i mot ny barnehage, seier André Mundal Haukås (H).

Ifølgje NRK er nemleg parti som Ap mot ein ny kommunal barnehage i sentrum. Noko ordførar Linn Therese Erve (Ap) kan bekrefta at ikkje er riktig.

— Nei, det stemmer ikkje. Me er sjølvsagt ikkje i mot ny kommunal barnehage i sentrum, svarar Erve i ein SMS.

NRK retta

Haukås gav beskjed til NRK då han fann det ut, men har ikkje fått tilbakemelding.

– Eg gav beskjed i går, men har ikkje fått svar, for det var vel etter arbeidstid.

Vestavind har teke kontakt med NRK om feilen i valguiden. Dei svarar at dei har retta valguiden, og bytta ut påstanden om ny kommunal barnehage med nokre nye saker.

Powered by Labrador CMS