nyhende

Haugli Bakeri i Sveio er ein av stadane som sel restemat gjennom den populære appen.ARKIVFOTO

Rekordsal av overskotsmat

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Samtidig som matvareprisane stig, er salet av overskotsmat gjennom appen Too Good To Go rekordhøgt.

– Rundt 245.000 posar vart selde i august. Det er 39 prosent fleire enn på den same tida i fjor, fortel dagleg leiar i Too Good To Go, Johan Ingemarsson, til Nationen.

Gjennom appen deira kan ein kjøpe overskotsmat frå butikkar og matstader, altså matvarer som elles ville blitt kasta. Too Good To Go samarbeid med over 4.200 matbedrifter over heile landet.

– Vi har aldri før opplevd ein slik pågang i appen som vi har gjort den siste månaden. Det er sjølvsagt umogleg å seie heilt sikkert, men for oss ser det ut som ein klar samanheng med dei stigande prisane, spesielt på mat, seier Ingemarsson.

Så langt i år har det blitt selt rundt 1,8 millionar posar med mat, noko som er 29 prosent opp frå i fjor.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS