nyhende

Over 1.700 barnehagelærarar får tilbod om videreutdanning i 2023. IILLUSTRASJONSFOTO: GORM KALLESTAD / NTB / NPK
Over 1.700 barnehagelærarar får tilbod om videreutdanning i 2023.

Rekordmange barnehagelærarar får tilbod om vidareutdanning

Over 1.700 barnehagelærarar får tilbod om vidareutdanning i 2023, viser ferske tal frå Utdanningsdirektoratet. Det er 700 fleire enn i fjor og ny rekord.

Publisert Sist oppdatert

— Vi har mange dyktige og engasjerte lærarar i barnehagane og skulane våre. Eg er glad for at vi kan gi så mange eit tilbod om fagleg påfyll når dei sjølv har ønskt seg nettopp det, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

I 2023 vart vidareutdanningsmidlane for barnehagelærarar dobla til om lag 220 millionar kroner, ifølgje Kunnskapsdepartementet.

I tillegg til at fleire barnehagelærarar kan ta vidareutdanning, vil regjeringa gi fleire assistentar høve til å ta fagbrev på jobb slik at det blir fleire barne- og ungdomsarbeidarar i alle barnehagar.

Til hausten får også over 6.600 lærarar tilbod om vidareutdanning. Det er nesten 1.000 fleire enn i fjor.

I 2023 har regjeringa sett av 1,6 milliardar kroner til vidareutdanning i skulen.

Powered by Labrador CMS