nyhende

Dette bilde er frå ei tidlegare yrkesmesse i Tysvær. Neste veke er det klart Utdanningsmessa for Sunnhordland på Stord.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Rekordmange sveibuar kjem seg no i jobb. Bildet er frå yrkesmessa i Steinsvik Arena 2017.

Rekordlåg ledigheit i Sveio

Berre 28 personar var registrert som heilt arbeidsledig i Sveio kommune ved utgangen av august. Det er likt som i juli, og det lågaste som registrert på 2000-talet.

Publisert Sist oppdatert

28 personar er det same som 1 prosent av arbeidsstyrken i kommunen, som i Sunnhordland berre er slått av Etne som har berre 0,8 prosent heilt ledige.

I august står 1,2 prosent av arbeidsstyrken heilt ledig i Sunnhordland, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestlandog landeter begge på 1,6 prosent.

Stabile tal

I Sunnhorldnad totalt viser tallene ein oppgang på berre 7 heilt ledige personar i høve juli månad.

— Me ser at arbeidsløysa stabiliserer seg på eit særleg lågt nivå. Me må attende til mars for å finne ein månad med fleire enn 400 heilt ledige i regionen. Slik ein situasjon har me ikkje registrert sidan 2008, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland, i ei pressemelding.

Stor etterspurnad

August er ein månad NAV registrerer mange nye arbeidssøkarar. Årsaka er mellom anna knytt til personar som avsluttar sommerjobbar, vikariat som er ferdig i august og studentar som er ferdig med studier. Samstundes er andelen som har stått registrert ledig i 26 veker eller meir gått ned med 8 prosentpoeng frå juli til august.

— Det har vore ein særs gledleg nedgang i langtidsledigheita. Dette ser me i samanheng med den store etterspurnaden frå arbeidsgjevarane, seier Håvard Lægreid

Tilbyr kompetansehaving

I august var NAV-direktør Hans Christian Holte ute med beskjed til arbeidsgjevarane om å senke krava i søken på arbeidstakarar til sitt behov. I Sunnhordland erfarer NAV at arbeidsgjevarane strekker seg lenger enn før for å rekruttere.

— Vår erfaring er at mange arbeidsgjevarar har stillingar utlyst med dømesvis høve for opplæring og kompetanseheving etter tilsetting. Dette registrerer me no meir enn tidlegare. I den aktuelle arbeidsmarknaden meiner me dette er lure grep frå arbeidsgjevane i regionen, seier Håvard Lægreid.

Powered by Labrador CMS