nyhende

I går hadde Ruth G. Østebøvik Eriksen og Linn Therese Erve base på Stord rådhus, der dei ringte rundt til næringsdrivande i Sveio for TV-aksjonen NRK.
I går hadde Ruth G. Østebøvik Eriksen og Linn Therese Erve base på Stord rådhus, der dei ringte rundt til næringsdrivande i Sveio for TV-aksjonen NRK.

Rekord frå Sunnhordland

Næringslivet i Sunnhordland har aldri gitt så mykje til TV-aksjonen NRK som i år.

Publisert Sist oppdatert

Innsamlinga til TV-aksjonen NRK blir annleis i år, men ringerunden til næringslivet gjekk som vanleg. I går rigga Linn Therese Erve og Ruth G. Østebøvik Eriksen seg til med telefonar og lister i rådhuset på Stord. Ordførar og varaordførar og fekk inn 29 bidrag frå Sveio-bedriftene, 60 295 kroner kom inn på dugnaden.

God respons

– Eg vil seia at responsen var god. Næringslivet i Sveio har samla gitt meir enn i fjor på ringeaksjonen. Inntrykket mitt er at temaet med å kjempa mot plast i havet er viktig for mange, og for våre lokale bedrifter, seier Erve.

Marthe Jansen er fylkesaksjonsleiar i Vestland, takkar for jobben som er gjort. 444 317 kroner er totalt fredag føremiddag.

Kvar krone tel

– Totalt har det ikkje kome meir pengar samla frå Sunnhordland nokon gong. Eg er mektig imponert, og svært takksam for alle bidrag som har kome inn. Kvar krone spelar ei rolle i kampen mot plast i havet, seier Jansen.

Powered by Labrador CMS