nyhende

Det har vore bagasjekaos på mange europeiske flyplassar i sommar. Foto: Shutterstock Tryg Forsikring/NPK
Det har vore bagasjekaos på mange europeiske flyplassar i sommar.

Reisestorm i forsikringsbransjen

Publisert Sist oppdatert
NPK: Streik og bagasjekaos medverka til at Tryg Forsikring hadde over dobbelt så mange reisesaker i sommar som i fjor.

«Aldri før har me hatt så mange saker med forseinka bagasje, og totalt er me langt over normalen», seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg i ei pressemelding.

Tala for juni og juli viser ein auke i talet på reisesaker på nær 140 prosent i forhold til i fjor, og årets tal er vel 25 prosent høgare enn for tilsvarande periode i 2019, som var det siste normale året før pandemien.

Nær 11000 kundar har ifølgje pressemeldinga ringt selskapet for å få hjelp og råd knytt til streik, forseinkingar, tapt bagasje og avbestillingar.

Det har handla mest om reisesjuke (sjuk på reisa), tapt bagasje, avbestilling eller forseinka bagasje.

Talet på saker med forseinka bagasje har vore det dobbelte som i normale år, så ein kan trygt seia at det har vore utfordrande å handtera ein situasjon med tidvis kaos rundt bagasjehandteringa på mange av dei store flyplassane i Europa, opplyser Brandeggen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS