nyhende

Ryvarden

Reiselivet jublar over rekordsommar

Den svake kronekursen gjer at turistbransjen i Noreg går mot ein rekordsommar. Turistar frå utlandet strøymer over grensa som aldri før.

Publisert Sist oppdatert

– Vi snakkar om omsetningsauke på 20-30 prosent frå det gode fjoråret. Inntektsbudsjettet for heile året på 35 millionar kroner ligg vi an til å nå allereie i juli, seier dagleg leiar Eirik Bræin Gikling i Eliassen Rorbuer i Lofoten til Dagens Næringsliv.

Normalt pleier halvparten av gjestene å vere frå utlandet. I år blir andelen utanlandske gjester langt høgare.

Hotelleigar Alexander Grieg på hotellet Opus XVI i Bergen stadfestar tendensen og seier at både belegget og prisane aukar. I Bergen snakkar ein om over 30 prosents auke i talet på gjester og ein gjennomsnittspris som ligg 1000 kroner høgare per rom enn på same tid i fjor.

Strawberry-kjeda (tidlegare Nordic Choice) fortel om 40 prosents auke i talet på bookingar, medan Thon Hotels snakkar om ein vekst på 20-25 prosent samanlikna med fjoråret.

Det er ikkje berre hotella som merkar auken. Ferjereiarlaget Color Line melder om ein auke for sommaren på 20 prosent fleire danske gjestar og 25 prosent fleire frå Nederland. Også tyskarane kjem i eit langt større tal enn før.

Powered by Labrador CMS