nyhende

I statsbudsjettet for neste år vil det kome ei solid satsing på enøktiltak, varslar regjeringa. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
I statsbudsjettet for neste år vil det kome ei solid satsing på enøktiltak, varslar regjeringa.

Regjeringa varslar saftig enøksatsing i statsbudsjettet

Når statsbudsjettet for neste år blir lagt fram i oktober, vil det mellom anna innehalde ei solid satsing på energisparande tiltak, varslar regjeringa.

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: – Det kjem ein brei pakke i statsbudsjettet, med ein konkret plan for energisparing, opplyser statssekretær Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i Olje- og energidepartementet til NTB.

Kor mykje satsinga vil utgjere i kroner og øre, vil han ikkje ut med før statsbudsjettet blir lagt fram.

Men pakken vil innehalde støtte til enøktiltak for både hushald og bedrifter.

Meir til Husbanken

Også Husbanken skal styrkjast og få utvida mandat for å bidra til at også låginntektsfamiliar skal ha råd til å investere i energisparande tiltak som solceller, varmepumper og etterisolering, seier Eriksen.

MDG gjekk måndag ut med ei oppmoding til partia på Stortinget om å stille seg bak eit krav om ein eigen krisepakke i milliardklassen til enøktiltak.

Ifølgje MDG er det berre vedteke eitt enøktiltak til 100 millionar kroner sidan straumpriskrisa trefte oss. Samtidig har regjeringa så langt løyvd 34 milliardar kroner i straumstøtte.

Krafteksport

Eriksen avviser samtidig at Noreg kan avgrense krafteksporten til utlandet som eit ledd i å få ned prisane her til lands.

– Det er ikkje lov, seier han.

Noreg kan likevel påleggje kraftprodusentane å spare på vatnet i magasina. Det inneber at det blir produsert mindre kraft. Dermed blir det mindre kraft å eksportere, men det betyr også at det blir mindre kraft på kraftmarknaden, noko som igjen vil drive straumprisane ytterlegare oppover.

Regjeringa har også små moglegheiter til å gripe direkte inn i straummarknaden, som er underlagt strenge reguleringar. Dermed blir det vanskeleg, slik enkelte har teke til orde for, å setje ulike prisar for norskprodusert kraft til norske forbrukarar og utanlandseksport, ifølgje Eriksen.

– Det vi kan gjere, er å støtte sluttbrukarane, det vil seie hushald og bedrifter, på ulike måtar, seier han.

14. september skal SSB kome med ein rapport om korleis dagens straumstøtteordning verkar.

– Då vil vi sjå om det er rom for ytterlegare forbetringar, seier Eriksen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS