nyhende

Olje- og energidepartementet er ikkje framand for å auke statens del av dei ekstraordinært høge straumutgiftene. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
Olje- og energidepartementet er ikkje framand for å auke statens del av dei ekstraordinært høge straumutgiftene.

Regjeringa opnar for å justere straumpakken

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: Trass i straumpakken frå regjeringa får hushalda skyhøge straumrekningar. Regjeringa er open for justeringar, men vil først sjå korleis pakken fungerer.

Dei skyhøge straumprisane fekk regjeringa til å vedta ein straumpakke, der staten tek 55 prosent av kostnadene over 70 øre per kilowattime.

Likevel opplever fleire hushald å få straumrekningar som er fleire gonger høgare enn det dei er vane med – og både LO og forbrukarorganisasjonen Huseierne krev forbetringar i straumpakken frå regjeringa.

Til TV 2 opnar Olje- og energidepartementet døra på gløtt for å auke statens del av dei ekstraordinært høge utgiftene.

– Det er vanskeleg å avvise noko. I utgangspunktet har regjeringa lagt fram ei ordning som er treffsikker, og som er stor, og så får vi sjå over tid, seier statssekretær Amund Vik (Ap) til kanalen.

– Det er ei ordning som er sett saman på rekordtid, og det er naturleg at vi ser an korleis ho fungerer før vi gjer eventuelle grep, seier Vik.

Ifølgje nye tal frå NVE får 1,9 millionar hushald hjelp frå staten til å betale straumrekninga for desember.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS