nyhende

Robotstøvsugaren din kommuniserer trådlaust over internett. Det gjer han sårbar for angrep utanfrå. No skal tryggingskrava skjerpast. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Robotstøvsugaren din kommuniserer trådlaust over internett. Det gjer han sårbar for angrep utanfrå. No skal tryggingskrava skjerpast.

Regjeringa fryktar angrep mot heimeteknologi – klokker og støvsugarar skal sikrast betre

Smartklokker, robotstøvsugarar og annan nettilkopla heimeteknologi skal underleggjast strengare tryggingskrav for å hindre cyberangrep og misbruk.

Publisert Sist oppdatert

– Digitalt utstyr vi bruker i heimen, skal vere trygt og ikkje utsett for misbruk og digitale angrep, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) i ei pressemelding.

Fredag blir det innført nye tryggingskrav for smartklokker, robotstøvsugarar og anna utstyr som kommuniserer trådlaust over internett. Tiltaket er ein del av innsatsen til regjeringa for å styrkje cybertryggleiken i tråd med EØS-avtalen.

Dei nye krava omfattar mellom anna innlogging, oppdatert programvare og brukardokumentasjon, og dessutan design, utvikling og produksjon. Målet er å gjere det vanskelegare for uvedkommande å få tilgang til og misbruke utstyret.

– Norske forbrukarar bør tenkje over risikoen ved å kjøpe slikt utstyr frå utlandet, det er som regel tryggare å kjøpe slikt utstyr i ein norsk butikk, seier Tung.

I tillegg til smartklokker og robotstøvsugarar er trådlause høgtalarar, babycall, smarthussystem og røykvarslarar døme på produkt som er omfatta av dei nye krava. Dei vil også gjelde automatiske bomsystem, ladesystem for elbil, radarar og anna utstyr som kan kommunisere trådlaust over internett.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) vil føre tilsyn med det elektroniske utstyret i Noreg, og frå hausten vil all marknadskontroll sjåast opp mot dei nye EØS-krava for å motverke cyberangrep, svindel og misbruk av personopplysningar.

Powered by Labrador CMS