nyhende
Regjeringa foreslår post i kassa éin dag i veka
Færre brev og papiraviser, men fleire pakkar gjer at regjeringa vil ha ei ny postlov. I lovforslaget blir det lagt opp til postlevering heime éin dag i veka.
I dag har Samferdselsdepartementet sendt eit utkast til ei ny postlov på høyring, opplyser departementet i ei pressemelding.
Denne postlova vil i så fall innebere at posten blir levert heim éin dag i veka – men dei som ønskjer hyppigare levering, skal likevel kunne velje det, ifølgje forslaget.
I dag blir brev levert heim i postkassa måndag, onsdag, fredag den eine veka, og tysdag og torsdag den andre veka, ifølgje Posten.
I lovforslaget blir det i tillegg lagt opp til å sikre avislevering minst tre dagar i veka, og at val av utleveringsdagar skal tilpassast lokalavisene.
– Lokalavisene betyr mykje lokalt for tilgang til informasjon og er viktige for ytringsfridom. Så lenge papiravisa framleis er ei viktig inntektskjelde for dei redaktørstyrte lokalavisene, bør staten framleis sikre avisdistribusjon i område utan kommersielle avisbodnett, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i pressemeldinga.
I lovforslaget slår regjeringa fast at moglegheita for å sende og få post skal vere ein rett.
Endringane blir grunngitt med behov for å tilpasse posttenesta tida vi lever i, og regjeringa anslår at det kan spare staten for over 1 milliard kroner.
Lovforslaget følgjer Postutvalgets rapport om posttenester i framtida.