nyhende
Regelverket tillet ikkje stenging av skular som eit reint førebyggande tiltak
Mange lærarar og foreldre til elevar på Sveio skule ønskjer at det blir tatt grep grep no, for å hindra smitteutbrot. På dette tidspunktet er det for inngripande å stenga skular, meiner kommunen, som vil unngå at barn og unge blir sett i sosial isolasjon.
Mange har i dag vore i kontakt med Vestavind, både foreldre og lærarar frå Sveio skule. Felles for dei alle, er at dei ønskjer at Sveio kommune skal beslutta å ha heimeskule, likt som fleire kommunar på Haugalandet.
Grunnen er det høge smittetrykket rundt oss, men sidan det ikkje har nådd Sveio skikkeleg enda, vil ikkje kommunen gjera desse grepa, slik situasjonen er no. Fem smitta er registrerte, ingen av dei elevar i grunnskulen.
For inngripande
I ei felles uttale, seier ordførar Linn Therese Erve og rådmann Jostein Førre at det er fleire barnehagar og skular i nabokommunane som er direkte påvirka av smitte.
– Slik skil situasjonen ut frå her hos oss, der det per no ikkje er noko smitte i barnehagar og skular, eller blant desse aldersgruppene. Sjølv om det er aukande smitte i våre nabokommunar, er det enn så lenge berre fem smittetilfelle i Sveio.
Denne konklusjonen baserer seg på dialog med ekspertar hos overordna styresmakter, det vil seia fylkeslege, FHI og Helsedirektoratet.
Vidare meiner Sveio kommune at det vil vera for inngripande å stenga skulane på noverande tidspunkt. Denne konklusjonen baserer seg på dialog med ekspertar hos overordna styresmakter, det vil seia fylkeslege, FHI og Helsedirektoratet.
Heimeskule strengaste tiltak
Det er òg slik at regelverket ikkje tillet stenging som eit reint førebyggande tiltak. Strenge tiltak elles reduserer smitterisikoen, og då er det viktig at ein siste arena for sosialisering og utvikling for barn og unge framleis er tilgjengeleg for dei.
Kommunen forstår at mange no er bekymra, og deira øvste prioritet er sikkerheita til innbyggjarane.
– Me rådfører oss med overordna styresmakter i saker som dette, forsikrar ordførar og rådmann.
Leiarane skriv også at å innføra heimeskule (digital undervisning) er det strengaste tiltaket ein kan gjera i skulesektoren når det kjem til smittevern.
– Kommunen vurderer kontinuerleg kva tiltak som skal settast i verk – kriseleiinga møtest dagleg. Barn og unge er ei sårbar gruppe, ikkje så mykje på grunn av helsemessige konsekvensar av covid-19, men stengde skular og sosial isolasjon er særleg inngripande for barn og unge. Smittevern er ein balanse mellom å finna tiltak som er effektive mot smitte, men som samstundes ikkje er urimeleg inngripande.
Har alt særs strenge tiltak
Ellers viser dei til at resten av samfunnet nå er underlagd dei strengaste smitteverntiltaka som regjeringa har utarbeidd, med stengde butikkar og verksemder, forbod mot arrangement, fritids- og idrettsaktivitetar.
– Mange arenaer som er viktige for barn og unge er dermed ikkje tilgjengelege. Smittetiltaka i samfunnet elles og på skulane verkar saman. Noverande særs strenge tiltak bidrar til å redusera smitterisikoen generelt. Med heimekontor for mange føresette, stengde butikkar og minimal sosial kontakt, blir sjansen for at smitte kjem inn i den enkelte heim redusert. Då er det òg lågare sjanse for at barn og unge blir smitta heime og at smitte oppstår i skulane.
Det vil bli vekselvis heimeundervisning på ein del trinn på ein del skular. Det vil seia at elevar er heime og på skulen annakvar dag. Dermed er det alt no færre elevar fysisk til stades på skulane, noko som igjen bidrar til redusert smitterisiko, formidlar Erve og Førre.