nyhende

Ein burgar er ikkje alltid slik han ser ut på bileta i reklamen. Illustrasjonsfot.

Refsar burger-triks

Publisert Sist oppdatert
NPK: Forbrukarrådet minner om at kjøpar har rett til å klage når produktet skil seg mykje frå det som blir vist i reklamen.

Gunstein Instefjord er leiar for forbrukarpolitikk i Forbrukarrådet. Han forstår godt frustrasjonen til ein person som nyleg kjøpte ein burgar på McDonald’s, som ikkje stod til forventingane, ei sak som vart omtalt i Nationen.

– I dette tilfellet ser ut som det manglar ingrediensar, og det er heilt rett av forbrukaren å vere misnøgd og klage. Forbrukaren bør kunne vente at ingrediensane på biletet samsvarar med den burgaren han får, seier Instefjord til Nationen.

Han meiner det blir brukt svært mange triks i marknadsføring av mat.

– Matstylistar jobbar med å få maten til å sjå lekker ut på bilete og i videoar. Av og til blir det faktisk fotografert andre ingrediensar enn det som blir brukt, rett og slett fordi det tek seg betre ut, seier han.

Som eksempel fortel Instefjord at ein i marknadsføringa av saus kan bruke ei heilt annan væske i reklamen, fordi denne væska er meir fotogen og verkar å vere meir innbydande den sausen som blir selt. Han meiner at det skal vere slik at forbrukaren ikkje skal få eit produkt som ser vesentleg annleis ut.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS