nyhende

Ingen kom til skade då ein sjark fekk motorhavari like nord for Ryvarden onsdag kveld.
Ingen kom til skade då ein sjark fekk motorhavari like nord for Ryvarden onsdag kveld.

Redningsaksjon nord for Ryvarden

Det blei sett inn store ressursar då ein sjark med to personar ombord fekk motorhavari like nord for Ryvarden onsdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

– Det gjekk heldigvis bra, opplyser brannsjef Dag Botnen i Haugaland brann og redning IKS. Han rosar mannskapa som deltok på aksjonen.

Ifølgje Botnen var dette ei melding kor det kunne vera folk i sjøen, dessutan var det høg sjø i området. Det blei difor sett inn store ressursar, blant anna med dykkarar. Frå alarmen gjekk til redningsmannskapa var klare til å rykka ut gjekk det berre fire minuttar.

Ingen skada

Det blei sendt brannmannskap frå Sveio brannstasjon, og dykkarar frå Haugesund, med redningsskøyte mot havaristen.

– I vårt tilfelle var det mannskap i eigen båt som var først hos havaristen og kunne melda frå om at ingen var skada og at situasjonen var under kontroll. Etter kvart kom også politi og ambulanse frå Haugesund til, og me kunne trappa ned. Havaristen blei taua i land av redningsskøyta.

Området ved Ryvarden er vêrutsett, og har også ei historie, – ein skal ikkje ta lett på slike ting. Det er viktig å vera føre var og dra på litt med ressursane når slike ting skjer, kommenterer Botnen.

Powered by Labrador CMS