nyhende
– Redd for å bli ein større utkant enn me ønskjer etter fylkessamanslåinga
Vestland eller Rogaland er spørsmålet. Målet til Linn Therese Erve (Ap) og Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP) er å setja Sveio i ein best mogleg posisjon for framtida. – Tida er overmoden for å få ein avslutning på diskusjonen, meiner Eriksen.
Fylkeskommunen driv vidaregåande opplæring og bestemmer kor og kva tid bussane skal gå. Dei har også hand om regionale planar, fylkesvegar, ulike tilskotsordningar og tannhelseteneste – kort oppsummert.
Rapporten som har studert kva fylke Sveio vil få mest utav å vera i framtida peiker på Rogaland isolert sett, men det er ikkje svart/kvitt å ta ei så stor avgjerd. Ordførar Linn Therese Erve og varaordførar Ruth G. Østebøvik Eriksen har ikkje tatt standpunkt enda.
– Dei fleste innbyggarane våre har lite kontakt med fylkeskommunen og statsforvaltaren, og det kan nok opplevast som at det ikkje spelar nokon rolle om Sveio er ein del av Rogaland eller Vestland, meiner Eriksen.
Varaordføraren har vore engasjert i Sveio-politikken dei siste 18 åra, medan ordførar Erve har vore med i 10 år.
«Skulle heller vore i Rogaland»
Dei er ikkje overraska over at eit stort fleirtal av dei folkevalde i kommunestyret gjekk inn for å starta prosessen med å sjå på kor Sveio vil få det best, i Vestland eller Rogaland. Med jamne mellomrom blir det nemleg ofte nemnt «me skulle heller vore i Rogaland».
– Tida er overmoden for å få ein avslutning på diskusjonen. Om me heller skulle vore rogalendingar har vore eit tema så lenge eg har vore med i politikken. Nå får me svar, seier Eriksen.
– Fokuset vårt dreier seg om korleis Sveio kan utvikla seg vidare i eit lokalt og regionalt perspektiv. I Sveio arbeider me aktivt for utvikling av næringsliv og vekst. På same tid er det kjempeviktig for alle kommunar i regionen å vera med på å skapa arbeidsplassar og ta del i samferdselsprosjekt, seier Erve.
I spagat
Politikarar og dei som jobbar administrativt i Sveio kommune, opplever at dei mange situasjonar står med eitt bein i kvart fylke, men berre i eitt har dei noko dei skulle ha sagt.
– Det er viktig å få fram at saka ikkje blir tatt opp fordi me trur at graset er grønare på andre sida. Det er heller ikkje eit forstadium til kommunesamanslåing – det er ingen automatikk at me blir ein del av Haugesund kommune. Det er ikkje noko det blir jobba med, eller snakka om, forsikrar Erve.
Rett nok kunne det vore behageleg å latt vera å ta opp spørsmålet, men som politikar har ein eit ansvar ovanfor innbyggjarane, og sveibuen treng i følgje dei to ikkje vera i tvil om at årsaka til at ein no ser på moglegheitene i Rogaland, er reist for å sjå om det er mogleg å gjera Sveio til ein betre plass å bu.
– Me ønskjer det beste for Sveio og Sveio sine innbyggjarar. Det er vår øverste jobb. Me ønskjer at det skal vera godt å bu i Sveio, med gode tenester og god utvikling, seier Linn Therese Erve.
Fryktar å bli ein utkant
Dei to bekreftar at Vestland fylkeskommune har fare vel med Sveio den korte tida i nytt storfylke, og at kommunikasjonen begge vegar kjennest god.
– Det har vore utslagsgivande at heile Sunnhordland fryktar at me blir ein utkant meir enn me ønskjer etter fylkessamanslåinga. Det er ikkje unaturleg at spørsmålet kjem opp når ein er i randsona, seier Erve.
Temaet om å vurdera posisjonen til Sunnhordland kom opp i regionrådet etter at politikarar i Vestland fylkeskommune gav signal om at dei ikkje ville prioritera Hordfast. For mange politikarar er det eit viktig vegprosjekt som vil knytta Sunnhordland tettare saman med både Bergen og Stavanger.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland er eit forum for alle åtte kommunane i Sunnhordland, der ordførar og rådmenn møtest jamleg. Når alt kom til alt, var det berre Sveio som gjekk inn i ein fylkestilhøyrigheitsprosess.
– Dei andre ser an prosessen i Sveio, seier Erve, men det er sett opp som tema på neste regionrådsmøte.
Ungdom bruker fylket
I følgje dei to politikarane er det ei gruppe i Sveio som er større brukar av fylkeskommunale tenester enn andre, nemleg ungdomane.
Både vidaregåande skule og kollektivtransport er to område som dei folkevalde gjerne vil rå meir over, til det beste for innbyggjarane i Sveio. Rundt 87 prosent av Sveioungdomen vel vidaregåande opplæring i Rogaland, men Sveio-politikarane har ingen moglegheit for å vera med å forma tilbodet. Ei av dei viktigaste oppgåvene til ein fylkeskommune, er nemleg å driva vidaregåande skular.
– Rogaland kan til dømes leggja ned musikklinja som mange elevar vel å gå på. Då har ikkje me noko me skulle ha sagt, for me har ikkje demokratiske rettigheiter den vegen, forklarar Eriksen.
Kamp om fritt skuleval
No stiller Sveio-elevane på lik linje med elevar frå til dømes Tysvær, Haugesund og Karmøy når dei søkjer seg inn på skule, men avtalen er styrt av politiske vedtak, og er ikkje skriven i stein.
– Slik som avtalen er no er det ein kamp å behalda fritt skuleval. Det ville vore greitt å sleppa denne kampen kvart fjerde år, seier Eriksen.
Dei nærmaste vidaregåande skulane i Vestland er på Bømlo og Stord. Dersom desse skulane skulle bli trua av nedlegging, trur FrP-politikaren at Vestland kan bli mindre villige til å kjøpa skuleplassar til Sveio-elevane i Rogaland.
– Då ville det vore interessant å få dei nordover. Det viktigaste for meg er at elevane kan få velja den skulen dei vil gå på, då er det størst moglegheit for å gjennomføra, seier Eriksen.
Betre busstilbod
Kollektivtransport er også eit tema som har vore diskutert gjennom mange år. Ungdomen ønskjer til dømes fleire avganger til og frå Haugesund, men fylkespolitikarane har til no ikkje klart å betra Skyss sitt kollektivtilbod for Sveio-ungdomen i særleg stor grad.
Det er heller ikkje noko garanti for at kvardagen til ungdom frå Sveio blir betre om ein går over til Rogaland, men Eriksen har inntrykk av at Kolumbus har ein heilt anna kollektivpolitikk enn Skyss.
– Når det gjeld skuleskyss, er det same regelverket som skal forvaltast, seier Erve, slik at det her ikkje er skilnad.
Opplysning fram mot valet
Frå 1. desember vil det bli mogleg for sveibuen å stemma, anten Vestland eller Rogaland. Er det ein ting dei to ønskjer seg, er det at sveibuen vil gjera nettopp det.
– Jo høgare valdeltaking, jo meir legitimitet har resultatet seier Eriksen. I tida fram mot røysteperioden, har politikarane ei viktig oppgåve med å svara på spørsmål som innbyggjarane lurer på, og driva opplysningsarbeid.
Det vil i alle fall bli halde fire informasjonsmøte, i tillegg vil innbyggjarane få ei brosjyre med fordelar og ulempar i postkassa, slik at dei kan gjera seg opp ei meining.
– Telemarksforskning skal ha eitt informasjonsmøte, i tillegg til tre temamøte der me vil ha fokus på landbruk, ungdom og utvikling av kommunen, seier Erve.
Oppmodinga til sveibuen er å komma på informasjonsmøte, og stilla spørsmåla dei lurer på der, eller i forkant.
– Det er viktig for oss at innbyggjarane har nok informasjon til å gjera seg opp ei meining, seier Erve.
Byter ikkje inn bunaden
I Vestavind si undersøking om fylkestilhøyrsle er det nokon som kommenterer at dei ikkje er klare for å byta inn Sunnhordlands-bunaden sin enda. Det er heller ikkje Erve, og det ser ho heller ikkje grunn til å gjera, om det nå skulle bli endring i fylkesgrensene.
– Me er like stor del av Sunnhordland som Haugalandet, og me vil vera ein like stor del av Sunnhordland sjølv om me byter fylke, seier Erve, som kjenner seg som sunnhordlending.
– Fylkesgrensa har betydning anten me vil eller ei, sjølv om me jobbar med å viska ut betydninga, seier Eriksen.
Ein fot i kvart fylke
Å vera politikar og tilsett i administrasjonen i Sveio, skildrar Eriksen som å stå i spagat. Eit døme på dette er Haugalandspakken.
– Bompengepakken er både Vestland og Rogaland med på, mesteparten av vegane er i Rogaland. Rogaland fatta vedtak som ikkje Vestland var einig i – då måtte me jobba opp mot begge fylkeskommunar, seier Eriksen.
Sveio er òg ein del av areal- og transportplan for Haugalandet.
– Det er veldig få Rogalandskommunar som vil kjempa for næringslivet i eit anna fylke, dei vil heller få til noko i eigen kommune, meiner Eriksen.
Erve er samd.
– Me får mykje støtte, men det er vanskeleg for eit fylke å putta pengar på ein kommune som ikkje er med i fylket.
– Vil Sveio mista noko ved å gå ut av Vestland?
– Dette er noko av det me vil prøva å få svar på i prosessen me no går inn i, som til dømes om det vil få negative konsekvensar for landbruket, seier Eriksen, og viser til at bøndene vil hamna i ei anna sone i nytt fylke, som kan gjera at dei m.a. kan få mindre tilskot.
– Skal kjensler takast omsyn til i avgjerda?
– Eg håpar me klarar å tenka overordna i eit heilskapleg perspektiv. Kjensler er alltid med. Eg er sunnhordlending i hjarta mitt – det kjem eg til å vera. Viss eg landar på å byta fylke, endrar eg ikkje tilhøyrigheit, seier Erve.