nyhende
Redaktørskifte i Vestavind
Irene Flatnes Haldin har vakta over nyheitene lokalt i Sveio dei siste ti åra. Frå 1. desember set ho kursen mot Haugesund og blir grafisk designar i HBO Nova Print As.
Etter nesten 10 år i stillinga som redaktør tek Flatnes Haldin snart avskjed med Vestavind. Hennar siste dag er offisielt 30. november, då går ferda vidare til Haugesund og den grafiske bransjen. Fleire har nok registrert at Haldin skulle starta som journalist i Sunnhordland, men for kort tid sidan dukka det opp eit anna jobbtilbod.
– Eg såg veldig fram til å jobba saman med dei i Sunnhordland, og det var tungt å seia frå seg den jobben. Det var den grafiske bransjen eg tok utdanning i, det er eit arbeid eg trivst veldig godt med, og kjenner at eg meistrar, seier den avtroppande redaktøren, som gler seg til ein ny jobbkvardag.
Ingen dagar like
Å vera redaktør i ei lita lokalavis kan vera hardt og stressande, men også spennande. Flatnes Haldin har følgd med og vore tett på utviklinga i Sveio i mange år.
– Kan du nemna nokre saker du har dekka og som du hugsar spesielt godt?
– Skulesaka som starta for eitt års tid sidan, og som varte i nær 3,5 månadar var krevjande å handtera. I den siste, og mest intense fasen var me på heimekontor, der det for min del også var heimeskule. Aldri før i mi tid har me vore i kontakt med så mange menneske som ville seia si meining og koma med sine synspunkt, spesielt i form av lesarbrev. Undervegs fekk me også tilbakemeldingar på at me vinkla saker feil og at lokalavisa brukte for mykje plass på «feil» meiningar. Det var ei spesiell tid.
Mykje er endra
– Har arbeidet endra seg mykje sidan du starta?
– Då eg starta i Vestavind var det berre eitt produkt, og det var papiravisa. No har me ei nettavis å drifta også. Naturleg nok jobbar me annleis no enn før – ting skjer raskare og det er gjerne forventa meir frå oss, utan at me er fleire til å gjera arbeidet.
– Kva er du mest stolt over å ha gjennomført/fått til i Vestavind?
– Med utgangspunkt i at eg skulle vera vikar då eg starta, seier eg meg nøgd med å ha vore her i 10 år. Å driva ei lita lokalavis er krevjande.
Likande kar
Haldin trur det blir bra for Vestavind med ein ny redaktør som kan sjå ting med nye auge.
– Eg kjenner ikkje den nye redaktøren, men etter det eg har blitt fortald, er han røynd i journalistfaget, det trur eg blir bra for Vestavind. Eg har helst på Torstein, og han verkar å vera ein likande kar. Eg ønskjer han lukke til!
Gler seg til å ta fatt
Nytilsett Torstein Tysvær Nymoen har sin første arbeidsdag i Vestavind 6. desember. Han gler seg til nye utfordringar.
– Eg ser fram til å bli kjent med Sveio og vidareutvikla lokalavisa Vestavind i lag med resten av den dyktige staben. Irene Flatnes Haldin har gjort ein solid jobb i dei 10 åra ho har leia redaksjonen, og det er ei flott og moderne lokalavis eg no får lov til å leia den redaksjonelle utviklinga av vidare, seier Nymoen.
Aktiv familiemann
Vestavind sin nye redaktør er fødd og oppvaksen i Mosjøen i Nordland, men har budd i Haugesund sidan 2008. Der bur han i lag med kona si, som er frå Haugesund, og borna deira, tre gutar og ei jente som alle er tenåringar. På fritida har han vore engasjert i fotballen, både som trenar for eit aldersbestemt jentelag i Djerv 1919 fram til i fjor, og som engasjert tilskodar når favorittlaga Tottenham og FK Haugesund er i aksjon.
– Som nordlending står også Bodø/Glimt hjartet nært. Eg unner dei alt vel, bortsett frå når dei spelar mot FKH, smiler Nymoen.
Klar for å utforska Sveio
Han er ikkje heilt ukjend med Sveio, då han frå før har mellom anna sju år bak seg som næringslivsjournalist og redaksjonell leiar i Haugesunds Avis. Dei siste åra har han jobba som journalist i lokalavisa Grannar, som dekker Etne og Vindafjord.
– No blir det noko nytt å leita fram nyheiter og gode historier frå berre éin kommune. Det krev at eg må bruka tid på gjera meg kjend med kommunen og dei som bur her, og det ser eg fram til, seier Nymoen som førebels nok er best kjend med geografien i Sveio.
– Eg har hatt mange somrar saman med familien på svigerforeldra mine si hytte på Erve. Og eg har gått mange turar til Ryvarden, både for å fotografera flotte solnedgangar og for å kjenna på skikkeleg blest og uvêr. Og når me er så heldige å få ein dugeleg snøvinter på Haugalandet, slik som sist vinter, då er det stas med ein runde på ski i lysløypa på golfbanen.
– Kva tenkjer du om framtida for Vestavind?
– Ambisjonen på Vestavind sine vegner er at vi i tida som kjem skal levera eit produkt som både tilfredsstiller dei som allereie er abonnentar, og som gjer at dei som enno ikkje er det blir så nysgjerrige at dei blir abonnentar dei òg. For betalande abonnentar er me heilt avhengige av, for det er inntektene frå bladsal og annonsørar som legg det økonomiske grunnlaget for at me framleis skal kunne tilby ei eiga lokalavis til sveibuen. Ei avis som både skal heia fram alt det positive som skjer i bygdene, og som skal stilla kritiske spørsmål til makthavarar og andre når det er grunn til det.
Tett på sveibuen
Nymoen har opp gjennom åra jobba i fleire lokalaviser i både Nord-Noreg, på Austlandet og på Vestlandet. Alle forskjellige, men som likevel har hatt sine fellestrekk.
– Fellesnemnaren er kor viktig folk flest synest det er å ha ei avis som både dekker dei fleste kommunestyremøta i akkurat deira kommune, og setja søkelys på viktige saker som angår dei. Og som tar seg tid til å dekka det lokale 6. divisjonslaget i fotball, det lokale skulekorpset og kulturlivet elles. Ei avis som har tid til å snakka med ho eller han som ikkje alltid blir noregsmeister, men som kanskje er strålande nøgd med ein 17. plass i NM. Slike som dei større avisene sjeldan eller aldri tek seg bryet med å intervjua. Difor håpar eg at alle som har eit tips, enten det ei gladsak eller noko meir alvorleg dei meiner lokalavisa bør grava i, tar kontakt med oss i Vestavind.