nyhende

Rebekka Lye (34), Extra Sveio sin nye butikksjef. FOTO: GUNNHILD LØNNING
Rebekka Lye (34), Extra Sveio sin nye butikksjef.

Rebekka (34) er ny butikksjef

— Eg brenn for daglegvarebransjen, seier Rebekka Lye (34), den nye og særs motiverte butikksjefen på Extra i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

34-åringen er opphavleg frå Etne, men har budd i Sveio i 10 år saman med mann og born.

Ho har studert «sal og service» og jobba i butikkbransjen i om lag 19 år til saman; mellom anna på Coop Prix og for familieverksemda Søstrene Lye i Etne.

— Eg er engasjert i og brenn for denne bransjen. Eg byrja her som butikkmedarbeidar i november 2020, men nyleg vart eg spurd om å tre inn i rolla som butikksjef. Eg var ikkje i tvil om å takka ja, eg kunne jo ikkje la ein slik mogleik gå ifrå meg, seier Lye.

Ho vart overraska då ho fekk tilbodet, men òg særs glad. No er ho godt i gang med den rykande ferske tilsettinga, som hadde oppstart den 1. august. Ti dagar inni jobben ser ho at det er mykje å setja seg inn i, men ho trivst og synest jobben er både kjekk og spanande.

Tydelege mål

Lye har gjort seg tankar om kva det vil seia å vera ein god butikksjef.

— Det dreiar seg om å vera ein god leiar og skapa ein triveleg arbeidsplass for dei kring seg. I tillegg handlar det om å vera ei motivasjons- og inspirasjonskjelde for dei tilsette, presiserer den nye butikksjefen.

Læringskurva er bratt, og ho trur jobben vil medverka til utvikling både yrkesmessig og personleg. Ho har sett seg tydelege mål for arbeidet som no ligg føre henne.

— Mitt mål er å skapa ein fin og varm butikk, å dana gode kunderelasjonar og få kundane til å kjenna seg velkomne, seier Lye uttrykkjeleg.

Den tidlegare butikksjefen på Extra Sveio, Renate Larsen, har no flytta heim att til Ålesund etter heile 21 år på Haugalandet. Daglegvarebransjen er ho likevel langt ifrå ferdig med: I Ålesund har ho teke fatt på den nye arbeidskvardagen som butikksjef for Extra Hareide.

Powered by Labrador CMS