nyhende
Reagerer på ustelt kulturminne
Det er uklart kven som har ansvar for å stella kolerakyrkjegarden i Leirvåg, men det blir jobba med å få ei fast ordning, slik at området blir slått nokre gonger årleg.
– Kolerakyrkjegarden i Leirvåg er full av busk, kratt i mannshøgde og bjørnebærris som breier seg utover, fortel ein sveibu til Vestavind. Vedkommande hadde besøk i sommar som gjekk ut for å sjå på kyrkjegarden, men blei skuffa då dei såg korleis det såg ut. Kvifor er den ikkje stelt, undrar innringaren.
– Me er godt kjend med problemstillinga når det gjeld kolerakyrkjegarden, og er einige i at det er behov for jamleg skjøtsel her, seier Ellen Tveit, rådgjevar i Sveio kommune si kulturavdeling.
Vidare fortel ho at ansvarsforhalda for kyrkjegarden i Valevåg er uklare. Kyrkja har ikkje ansvar for gravplassar som ikkje er i bruk, og sidan kyrkjegarden ikkje ligg på kommunal grunn, er det formelt sett heller ikkje kommunen sitt ansvar.
– Sidan dette er eit viktig kulturminne har kommunen likevel tatt ansvar for kyrkjegarden, mellom anna ved at grantrea som øydela muren blei fjerna, og muren restaurert. Til no har det blitt gjort sporadisk skjøtsel, men det blir arbeidd med å få ei fast ordning slik at området kan bli slått 1-2 gonger i året, seier Tveit til Vestavind.