nyhende
Reagerer på sjenerande lagerplass
Det er mange som ferdast på golfparken i fine turløyper. Ein av dei har kontakta Vestavind, for å påpeika det vedkommande meiner er eit skjemmande parti.
– Eg går ein del tur rundt golfbana, det er eit fantastisk turterreng, men skjemmast av at det er lagra det eg vil kalla søppel. Her er det restar av gamle golfbilar, trillebårer, hjul, røyrdelar og liknande, seier turgåaren.
Lagerplass
Innsendaren meiner at det ikkje kan vera mange politikarar som nyttar seg av løypa, då dei burde ha lagt merke til området, og tatt affære for å finna ei løysing for rotet. Sveio kommune eig 67 prosent av aksjane i selskapet.
Gavin Hinds, dagleg leiar i Sveio Golfpark AS forklarar at området er lager for utstyr, delar, sand og liknande.
Rydderunde
– Eg ser at det kan bli oppfatta som søppel, men bilane er til dømes delebilar, og alt av røyr og liknande brukar me til drenering på golfbana. Dei siste to åra har me lagt over 5 kilometer med røyr, seier Hinds.
Då Vestavind var i kontakt med leiaren i sist veke, lova han at banearbeidarane skulle ta seg ein rydderunde.