nyhende

Denne steinen blir truleg liggande her ei god stund.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Denne steinen blir truleg liggande her ei god stund.

Reagerer på manglande nabovarsel

Naboar har reagert på at Sveio kommune har dumpa ein god del stein ved idrettsplassen nedanfor Sveio omsorgssenter.

Publisert Sist oppdatert

Vestavind har blitt kontakta av naboar til den gruslagte idrettsplassen mellom Sveio omsorgssenter og Frønsdalstunet. Dei undrar seg over kvifor ikkje naboar er varsla på førehand om det dei oppfattar som eit deponi.

— Ikkje avfall

Vestavind har stilt kommunen spørsmål om saka, og får opplyst at det er snakk om sprengstein frå arbeidet som pågår med å utbetre krysset Sveiogata/Løkjavegen, litt sør for Sveio kyrkje.

— Då dette ikkje er avfall, er det ikkje snakk om eit deponi, men mellombels lagring av sprengstein, opplyser prosjekt- og byggeleiar Andreas Ekrheim i Sveio kommune.

Kommunen sin plan er å bruke steinen til andre prosjekt. Til dømes ny barnehage, så snart kommunestyret gir klarsignal for byggjestart for den.

— Det prosjektet kan vere aktuelt, då det trengs oppfylling med stein på tomta, seier han.

— Kvifor vart ikkje naboar orientert på førehand om mellomlagring av steinmassane?

— Slik me ser det er det ikkje eit søknadspliktig tiltak som krev nabovarsel, seier han.

Ikkje meir

Kommunen er sjølv grunneigar på tomta, som ikkje er regulert i reguleringsplan, men sett av til idrettspark i kommunedelplanen.

Ekrheim opplyser at kommunen ikkje har planar om å lagre meir stein ved grusbanen enn den som ligg der no.

Powered by Labrador CMS