nyhende

Agnes Ravatn sin siste roman er blant dei nominerte til Bokhandlarprisen.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Agnes Ravatn sin siste roman er blant dei nominerte til Bokhandlarprisen.

Ravatn nominert til gjev pris

Agnes Ravatn sin nye roman «Gjestene» er ein av ti på lista for prestisjetung pris. — Veldig stas å verte nominert, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

Agnes Ravatn fekk nyleg ein telefon frå forlaget hennar med ein gladnyheit.

Ho og den nye romanen hennar vart ein av ti nominerte til Bokhandlarprisen 2022, ein heilt spesiell pris for ein forfattar.

— Nærare lesarane enn kritikarane

— Det er bokhandlarar over heile landet som stemmer på si favorittbok, så det er veldig gøy, fordi dei er litt nærare lesarane enn kritikarane, seier Ravatn.

Om ho vinn eller ikkje får ho først vite om to veker, kort tid før prisen delast ut i Oslo den 22. november.

Ravatn er smigra, men vil av natur ikkje ha høge forventingar.

— Det er tøff motstand, det skal seies. Det er veldig stas å verte nominert, seier Ravatn.

Nynorsk ikkje noko hinder

Sjølv er ho kanskje mest nøgd med at ei bok på nynorsk har kome med på lista.

— Prisen har vore bokmålstung i alle år, så det er kjekt at språk ikkje er noko hinder, seier ho.

Med på lista er også bøker frå forfattarar som Helga Flatland, Nina Lykke, Zeshan Shakar og Johann Høst.

Powered by Labrador CMS