nyhende

Eit skred stenger E134 mellom Håheim og Nautanes i Etne. Foto: Olav Røli / NRK
Eit skred stenger E134 mellom Håheim og Nautanes i Etne.

Rasramma E134 stengd til fredag

Entreprenørar er i full gang med å rydde E134 gjennom Stordalen i Etne etter raset som gjekk onsdag ettermiddag, slik at den kan opnast igjen.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta hos vår samarbeidsavis Grannar.

Geologar og skredekspertar har undersøkt området og gitt klarsignal til å starte oppryddingsarbeidet. Vegen held fram med å vere stengd fram til tidlegast fredag klokka 12, då det blir gjort ei ny vurdering av om han kan opnast.

ETNE, Grannar:

Ny vurdering av opninga blir gjort fredag klokka 12.00.

– Me oppfordrar folk til å vera forsiktige og tenkja seg om før dei legg ut på køyretur, seier Gunn Karin Skjærbekk, byggeleiar i Statens vegvesen.

Skal du ut og køyra og lurer på om vegen er open? Følg med på vegmeldingar på vegvesen.no.

Powered by Labrador CMS