nyhende

Måndag vil det vere fleire små skumle monster langs vegane. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
Måndag vil det vere fleire små skumle monster langs vegane.

Rår monstra til å ta med paraply

Bur du på Vestlandet eller Sørlandet kan paraply vere lurt å inkludere i halloween-kostymet. Her varslar meteorologane nedbør måndag.

Publisert Sist oppdatert

Måndag er det klart for kvelden der hekser flyg på himmelen og monster luskar i skuggane. Vêret ser ut til å bli litt mindre skummelt.

– Opphald er jo det kjekkaste når ein skal ut å gå «knask eller knep». Slik det ser ut no vil Austlandet og deler av Trøndelag få best halloween-vêr, seier meteorolog Unni Nilssen ved Meteorologisk institutt til NTB.

Bur du på Vestlandet eller Sørlandet kan det vere lurt å ha med ein paraply i godteposen. Her ser det nemleg ut som det kan bli litt regn ifølgje meteorologane.

På dei kaldaste stadene i Troms og Finnmark må ein kanskje dra på seg ei ekstra ullstrømpebukse under kostymet. Her kan det bli nedbør i form av sludd og snø, ifølgje meteorologen.

Helgevêret blir litt blanda drops

Stort sett over heile landet ser det ut til at det blir opphald på laurdagen. Berre Trøndelag skil seg ut med best vêrmelding fredag og søndag.

På Austlandet vil det bli rolege vindforhold med ein del skyer enkelte stader. Elles er det venta regn fredag og søndag kveld.

– Vêret ser derimot brukbart ut på laurdag kveld, noterer Nilssen.

Sjølv om Vestlandet er prega av ein periode med regn og kuling, kan ein vere heldig og sjå sola laurdag.

– På Vestlandet vil det vere eit lite vêrvindauge frå laurdag rundt klokka 12 til søndag rundt same tid. Då vil det bli opphald og kanskje litt sol. Temperaturen vil vere litt varierande, på kysten kan det fort bli 10–13 grader, medan lenger inn i landet vil temperaturen liggje på rundt 5–9 grader.

Varmt og regntungt på Sørlandet

På Sørlandet vil det bli skiftande vêr over helga med litt nedbør. Den milde temperaturen vil vege opp for nedbøren.

– Temperaturen vil liggje på rundt 10–15 grader og på sjølve laurdagen ser det ut til å bli opphald, seier meteorologen.

Vidare utover neste veke ligg det an til at Sørlandet vil oppleve kraftig nedbør.

– Det vil komme kraftig nedbør frå tysdag vidare utover veka. Det er meldt mest regn her i forhold til resten av landet, seier Nilssen.

Kan bli glatt på vegane i nord

Det ser ut til at det som har komme av snø i nord, vil smelte over helga. Temperaturen vil stige gradvis, og vil liggje på rundt 5–6 plussgrader.

– Det kan bli glatte vegar rett over helga, kanskje allereie på søndag. Det er venta litt nedbør og mildvêr både fredag og laurdag. I neste veke kan det sjå ut til at det blir kaldare igjen. Dette kan føre til at det kan bli is på vegen, forklarer Nilssen.

– Vêret framover er eigentleg eit typisk haustvêr. Det er skiftande og vil variere frå dag til dag. Du må nesten berre ta det du får, seier meteorologen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS