NPK-NTB: Sviktande økonomi og skam knytt til det står i vegen for god helsehjelp. Det utgjer ein forverringsrisiko for kronisk sjuke med dårleg betalingsevne.
Den nye rapporten «Betalingsvansker – en pasientsikkerhetsrisiko» frå Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom) ser på praksisen med «ikkje møtt»-gebyr, som krevst av pasientar som ikkje møter til avtalt tid. Sanksjonen for ikkje å møte opp er per i dag 1.125 kroner i somatikken og 375 kroner for behandling innan rus og psykiatri. Gebyret må betalast sjølv om ein har frikort og kan fort hope seg opp og gå til inkasso viss ein har dårleg økonomi.
Ifølgje Ukom utgjer slike gebyr utfordringar, både for pasientar og helsetenesta.
– Det er mykje skam knytt til å ha dårleg økonomi og ikkje klare å betale for seg. Det er ein viktig verdi i samfunnet å kunne betale gjelda si. Dårleg økonomi blir underkommunisert av pasientane og blir heller ikkje etterspurt av behandlarane i helsetenesta. Dermed fangar vi vanskeleg opp pasientane med betalingsvanskar, og dei risikerer å få mangelfull helsehjelp, skriv Pål Iden, direktør i Ukom, i ei pressemelding.
– Rapporten og undersøkinga vår viser at det er viktig å ta opp økonomiske forhold med pasientar og bruke skjønn i utsending av «ikkje møtt»-gebyr. Dagens praktisering kan vere ein fare for pasienttryggleiken og bidra til å auke sosiale- og økonomiske forskjellar, seier Iden.