nyhende

ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET.

Rådmannen tilbake frå permisjon

Jostein Førre er tilbake i rolla som rådmann for Sveio kommune. Han seier at det er mykje som skal skje framover. — Sveio står føre ei tid der ein har planlagt ganske store investeringar, sa Førre.

Publisert Sist oppdatert

— Det var hektisk dei første dagane, men så kjem ein inn i det, sa Jostein Førre.

Rådmannen har vore tilbake på jobb sidan måndag. Han brukte dagane på å setje seg inn i alt som har skjedd sidan han gjekk ut i farspermisjon i 2022.

Men, då intervjuet skulle gjerast så vart det over Teams. Den dagen var han på heimekontor med sjukt barn. Han fann tid til å svare på nokre spørsmål om Sveio, og kva som står på agendaen framover.

— Det første no er å få ei god oversikt på budsjettet og dei bestillingane kommunestyret har gjort i den tida eg har vore vekke. For å seie det enkelt på engelsk, eg skal catche up, sa Førre.

Spennande tid

Rådmannen meiner Sveio er på veg inn i ein tid der mykje skal skje. Dei første dagane på jobb gjekk mellom anna til fleire møte om sentrumsplanen, tilstanden på sjukeheimen og komande prosjekt.

— Sveio står føre ei tid der man har planlagt ganske store investeringar. Vi må gjere kloke val gjennom dei prosessane, slik at vi får mest mogeleg igjen for dei ressursane ein har planlagt å bruke, sa Førre.

Omsorgssenteret er noko som mange i bygda har vore opptekne den siste tida, og Førre peikar på utfordringar.

— På sjukeheimen har me høgt belegg og høgt sjukefråvær, sa Førre

Ei viktig oppgåve til rådmannen er forslaget til budsjett. Politikarane gjorde endringar, men mykje av det som vart foreslått i fjor vart vedteke. Det blei gjort av hans erstattar Ingunn Toft.

— Har du lest budsjettet?

Me har brukt delar av denne veka på å gå inn i det, fordele oppgåver og vere med å definera ytterlegare retningar på dei bestillingane som er gjort, sa Førre.

Oppmodar sveibuar

Han gav ros til dåverande rådmann Toft for god innsats, og var tydeleg på at det ikkje berre er hans oppfatning.

— Eg har inntrykk av at ting har fungert veldig bra då eg var borte. Eg er veldig fornøgd med ho, og veldig tilfreds med hennar innsats. Eg har høyrt det same både regionalt og lokalt, sa Førre.

Ifølgje Førre var det ikkje noko mjuk overgang med presang og koseprat.

— Vart det noko gåve eller Twist-pose?

— Me har snakkast med jamne mellomrom i løpet av hausten. Så det var ein «god morgon» og eit «godt nyttår», og så byrja me å arbeide på konkrete ting, sa Førre.

Han har trivest med å vere heime med sitt fjerde barn. Samstundes var han glad for å vere tilbake. Det er framleis mykje å setje seg inn i.

Då han fekk spørsmål om det er noko sveibuar bør tenkje på i året som kjem, svara han følgjande:

— Gode møte mellom menneskje er for mange viktig for å trivast. Eg vil oppmoda sveibuen til å vere bevisst i forhold til å inkludera dei som bur i kommunen i ulike aktivitetar og sosiale lag. Det vere seg flyktningar, andre tilflyttarar, eller sveibuar som ein til vanleg ikkje har hatt så mykje kontakt med, sa Førre.

Powered by Labrador CMS