nyhende

Rådmannen seier nei til lokal straumstøtte

Rådmann Ingunn Toft rår politikarane til å seie nei til lokal straumstøtte når saka skal handsamast måndag. Ho grunngjev det med komande nasjonal støtte og Sveios eigen kommuneøkonomi. — Eg forstår ikkje korleis me skal klare oss, fortviler nærbutikkeigar Laila Vikse Lie i Valevåg.

Publisert Sist oppdatert

På formannskapsmøtet den 12. september vart det framlagt eit ynskje om lokal straumstøtte til næringar i Sveio, henta frå kommunen sine meirinntekter frå kraftselskap.

Formannskapet vart einig om å be konstituert rådmann Ingunn Toft om å undersøkje mogelegheita, og leggje fram ei sak for kommunestyremøtet førstkommande måndag.

No har rådmannen konkludert, i sitt framlegg til kommunestyret rår ho politikarane frå å etablere lokal straumstøtte.

Ingunn Toft er konstituert rådmann i Sveio.

Ho grunngjev den negative innstillinga med i hovudsak med at det kjem ein nasjonal støtteordning frå regjeringa snart, og med at Sveio sin eigen kommune-økonomi er råka sjølv av både høge straumprisar, og utgiftar knytt til korona-pandmien.

Til dømes viser ho til at kommunen har fått 2,6 millionar kroner i ekstra utbytte frå Haugaland Kraft i år, medan utgiftene for straum har samstundes vorte høgare enn vanleg på 3,1 millionar kroner så langt.

Kostbar sakshandsaming

Ho peikar også på at handsaming av eventuelle søknadar om straumstøtte vil vere dyrt, om ein legg til grunn vanleg timekostnad for konsulent på 1250 kroner. Om Sveio mottek til dømes 100 søknadar som alle skal ha minst 1,5 time behandling vil det koste om lag 200.000 kroner åleine på papirarbeidet rundt straumstøtte.

— Me vil måtte lene oss på ekstern konsulent om me skal etablere si lik ordning, då me ikkje har nok tilsette til å handsame dette sjølv, seier Toft til Vestavind.

Det blir opp til politikarane å ta endeleg stilling til saka måndag.

For seint

Regjeringa vil gje lånegaranti til verksemder som akutt manglar midlar til ekstraordinært straumutgifter, og ein tilskotsordning for bedrifter der straumutgifter utgjer tre prosent eller meir av omsetjinga. Men ein kan ikkje søkje før i novmber.

Det får dagleg leiar Laila Vikse Lie ved Valevåg Landhandel AS til å fortvile over rådmannen si negative instilling. Då Vestavind nyleg skreiv om deira utfordringar med straumrekningane, fekk dei ei rekning å 48.000 kroner.

No har dei fått den neste rekninga. Den er på nesten 80.000 kroner.

Straumrekninga for nærbutikken på Valevåg i september månad.

— Viss du hadde sett meg då eg skreiv ut den siste straumrekninga, hadde du sett kor fortvila eg var, seier Lie.

Ho eig butikken saman med mannen Harry Lie, og fortel at den nasjonale støtte vil kome for seint.

— Innan då har me fått to nye fakturaar og det overlev ikkje butikken. Alt me har hatt av overskot har gått til å betala rekningar. Eg har snart ikkje meir energi igjen, seier ho.

Powered by Labrador CMS