nyhende
Rådmannen oppmodar politikarane til å lytte til folket
Rådmannen ville ut i frå faglege vurderingar ha anbefalt Sveio kommune å gå til Rogaland. Men av respekt for synet til veljarane rår han politikarane til å avslutte arbeidet med eit eventuelt fylkesbyte.
Det kjem fram i rådmannen sitt framlegg til saka når resultatet av folkerøysringa sist veke skal opp i formannskapet førstkomande torsdag.
Deler synet til Telemarksforsking
— Det er både ulemper og føremonar med båe alternativa, men rådmannen deler vurderinga som er gjort i konklusjonen i Telemarksforsking sin rapport. Sveio kommune er mykje tettare integrert i Haugalandet enn i Sunnhordland i dag, og ut ifrå ei reint fagleg vurdering ville det difor vore rett å søkja om endra fylkestilhøyrsle frå Vestland til Rogaland, slik rådmannen ser det, heiter det i framlegget som er ført i pennen av sakshandsamar Petter Steen Jr. på vegner av rådmannen.
Respekt for innbyggarane
Samstundes er rådmannen klar på at innbyggarane i Sveio, gjennom folkerøystinga sist veke, gav eit klart råd til politikarane, som skal avgjere saka. Vestland fikk flest røyster, med 56 prosent. Rogaland fekk 43 prosent. Resten av blanke røyster.
— Når vi no har hatt ei rådgjevande folkerøysting der eit tydeleg fleirtal av veljarane har røysta for å bli verande i Vestland fylke, er det likevel ikkje naturleg å gjera anna enn å avslutta arbeidet med eventuell endring av fylkestilhøyrsla no.
I respekt for det synet veljarane har gjeve uttrykk for i folkerøystinga 10. januar 2022, rår rådmannen difor til at kommunestyret vedtek at Sveio kommune framleis skal vera ein del av Vestland fylke.
Spørsmålet om fylkestilhøyrsle skal opp i formannskapet onsdag 19. januar, og til slutt i kommunestyret 24. januar.