Køyrer inn for tredje og siste gong: "Rådebank" følgjer GT (Odin Waage) i livet som rånar på bygda. No er det klart at den tredje sesongen blir den siste.Foto: Fenomen / NRK
«Rådebank» parkerer etter tredje sesong
Den tredje og siste sesongen av den populære ungdomsserien «Rådebank» får premiere 20. januar, fortel NRK.
NPK-NTB: Den 20 januar går teppet opp for første episode i den tredje og avsluttande sesongen.
– Det er naturleg nok både fint og litt leitt. Fint at vi fekk tillit av NRK P3 til å fortelje historia heile vegen, leitt at eg ikkje lenger skal dikte i dette «Wunderbaumuniverset» som har vore så altoppslukande for meg i fire år, seier serieskapar Linn-Jeanethe Kyed.
– Vi ønskjer også i denne sesongen å vise kva usunne ideal kan gjere med folk i tillegg til å rokke ved etablerte kjønnsroller, seier ho – og understrekar at det er etter eige val serien blir lagd ned etter den tredje runden. Men det er med tungt hjarte ho avsluttar reisa, legg ho til.
– Eg hadde verkeleg ikkje sett for meg at det skulle bli så stort. Eg har vore usikker på om dette skulle vere noko som nådde fram i det heile. Det har lønt seg å vere tett på miljøet, og at dei har gitt oss tilbakemeldingar. Eg trur folk har følt at dei har fått sjå noko ekte, seier Kyed til P3.no.
Serien vann sju prisar under Gullruten 2021, mellom anna i klassane beste dramaserie, beste skodespelar (Odin Waage), beste regi (Daniel Fahre) og beste manus (Linn-Jeanethe Kyed).
«Rådebank» vann også Seriekritikerprisen 2021 i kategorien årets TV drama, og serien vart teken ut til hovudkonkurransen på Festival de la Fiction de La Rochelle i 2021 – den han var nominert til beste europeiske TV-drama.
Serien blir også send på NRK1 på laurdagane frå 22. januar.