nyhende

Grendalaget skal pusse opp kjøkkenet på Lid skule.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Grendalaget skal pusse opp kjøkkenet på Lid skule.

Pussar opp skulekjøkkenet

Lid Grendalag skal i gong med oppussing av kjøkkenet på Lid skule.

Publisert Sist oppdatert

Ifølgje eit brev dei har sendt Sveio kommune har prosjektet eit budsjett på 230.000 kroner fordelt på utgifter til elektro, golvleggar, røyrleggar og elektroarbeid.

Oppstart over nyttår

Planen er ifølgje brevet å kome i gang i januar neste år. Men dei vil sette sjølve kjøkkenet i bestilling i løpet av oktober. Dei ber huseigar Sveio kommune om å vere fakturamottakar, for å unngå momsutgifter.

Har eigne midlar

Prosjektet blir finansiert av grendelaget, som brukar den nedlagde skulen til forskjellige arrangement.

—  Vi har spart opp egne midlar til å finansiere oppussinga, i tillegg til støttemidlar, skriv kasserar Camilla Uri i brevet til kommunen.

Powered by Labrador CMS