Politiet gjennomførte ein trafikkontroll på E39 i Førde, like overfor kyrkja, torsdag kveld. 57 kjøretøy blei stoppa og førarane kontrollerte for promille mellom klokka 19.25 og 20.50. Alle hadde sitt på det tørre, og det blei ikkje påvist ruskjøring i nokon av tilfella, opplyser politiet til Vestavind.