Sjå for deg ein åttefota blodsugar som kan overleve i veke etter veke i sju stive kuldegrader. Den lèt seg heller ikkje knekke av ein skikkeleg rundvask på 40 grader i vaskemaskin – og verre – den kan overleve i ein boks i eit kjøleskåp i minst seks år utan korkje mat eller drikke.
Denne ekstremt motstandsdyktige skapningen er ikkje eit monster henta frå science fiction. Han er høgst levande i arbeidskvardagen til Snorre Stuen, som er professor ved NMBU Veterinærhøgskolens seksjon i Sandnes. Stuen har jobba med flått og flåttborne sjukdommar i snart 40 år. Eigenskapane nemnt over tilhøyrer skogflåtten, eller Ixodes ricinus, som han heiter i krinsane til professoren. Det er denne flåttarten som spreier mest smitte til både dyr og menneske her i landet – utan at me skal utløyse den tabloide flåttalarmen av den grunn:
– Flått har eksistert i millionar av år, og forskarar har funne flått frå tida då dinosaurane levde. Og sett i høve til kor mange som mest sannsynleg blir bitne av flått kvart år, er det få som blir alvorleg sjuke. Media har bidrege til å hausse opp risikoen og skape eit skrekkscenario det ikkje er grunnlag for, seier Stuen.
Mange artar
Og likevel: Det er ting ved dette krypet me bør vakte oss for. I Noreg i dag finst det mellom 12 og 15 flåttartar, og den vanlegaste er altså skogflåtten, som kan vere aktiv heile året i somme kystområde. Skogflåttencefalitt (TBE) og lyme borreliose er dei to mest vanlege flåttborne sjukdommane på menneske her i landet.
– Begge kan gi alt frå ingen og milde symptom til, i einskilde tilfelle, alvorleg sjukdom. Borrelia kan behandlast med antibiotika, men det er førebels ingen spesifikk behandling mot TBE. Det er derimot ei vaksine mot borreliose under utprøving på menneske. Den skal bli tilgjengeleg om nokre år, seier Stuen.
Hjå dyr er det anaplasmose, også kalla sjodogg, som er det mest vanlege flåttborne sjukdommen. Sjodogg vart skildra i Hardanger heilt attende i 1780, fortel Stuen, og sidan då har flåtten gjerne sete stille på eit grasstrå og venta på at ein passande vert skal rusle forbi. Klimaendringar gjer at han dei seinare åra har kravla lenger nordover og innover i landet. Skogflåtten sitt einaste svake punkt er eit for tørt klima. Han må ha minst 80 prosent luftfukt for å overleve i lengre tid.
– Varmare og fuktigare vêr kan gi endå meir flått i Noreg framover. Det gjer at me også vil få nye flåttartar med andre smittestoff, og at omfanget av flåttborne sjukdommar vil auke. Sør i Europa vil det derimot bli fleire plassar der det er for tørt for til dømes skogflåtten, seier Stuen.
Flyg med fuglane
Han har sjølv vore ein del av det største forskingsprosjektet på flått og flåttborne sjukdommar i Skandinavia. Det vart avslutta i 2018 og har mellom anna ført til auka fokus på flått og flåttborne sjukdommar i Norden, betre rådgjeving og nye diagnostiske metodar. Det styrkte samarbeidet på tvers av grensene er særleg viktig i ei tid der det stadig dukkar opp fleire flåttborne sjukdomar:
– Dei nye flåttartane kjem hovudsakleg til Noreg med trekkfuglar. Ei undersøking synte til dømes at meir enn sju prosent av undersøkt sporvefugl som kjem sørfrå har med seg éin eller fleire flått i fjøra. Det betyr at det i praksis regnar millionar av flått over oss, seier han.
Det er likevel ikkje all ny flått som automatisk overlever på ein ny stad. For at ein ny art skal bli rekna som etablert, må ein påvise alle stadia frå nymfe til larve til vaksen flått i to etterfølgjande år i same område. Det kan nok skje oftare framover, meiner Stuen, om ein ser global oppvarming saman med auka tilgroing og også auka tettleik av hjortedyr, som er vanlege vertsdyr for flått.
Importert fare
I tillegg til trekkfuglane, ber også hjortevilt på vandring med seg flått over landegrensene. Flåtten gøymer seg også på andre dyr me importerer.
– Flåtten Dermacentor albipictus var ein av artane som sat på ein hest som vart importert frå USA. Om denne hadde etablert seg her i landet, kunne det blitt ei katastrofe for hjorteviltet vårt. Dette er den flåtten ein har funne flest av på eitt einskild vertsdyr. På ein rein vart det faktisk påvist meir enn 400.000 individ, seier Stuen.
Av det endå meir kuriøse slaget, finn me den jaktande flåtten, slik som Hyalomma marginatum. Stuen har eit eksemplar av den trygt oppbevart på kontoret sitt, og måtte ikkje særleg langt for å få tak i han: Han vart funnen på ein annan ridehest i Viken fylke i september 2021. Jaktflått er også påvist på trekkfugl, men har enno ikkje etablert seg her. Om han gjer det, er han ikkje av typen som berre sit stille og ventar på at byttet skal vandre tilfeldig forbi:
– Jaktflåtten kan lukte, og i motsetnad til mange andre flåttartar har dei også auge og kan sjå anslagsvis fem til ti meter framom seg. Ein forskar i Tyrkia hadde ein jaktflått etter seg i 15 minutt medan han bevega seg 500 meter bortover i flatt terreng. Somme jaktflåttar er faktisk målt til å bevege seg 30 centimeter i sekundet. Det er svært raskt for eit dyr som berre er nokre millimeter langt, konstaterer Stuen.
Og meir alvorleg:
– Jaktflåtten er berar av eit virus som kan gi Crimean – Congo Haemorrhagic Fever. Det er ein alvorleg sjukdom for menneske, der det er rapportert om opptil 40 prosent dødelegheit. På dyr gir viruset ingen sjukdom.
Han minner om at både larvar og nymfer av denne arten allereie kjem hit med trekkfuglane:
– Jaktflåtten krev temperaturar godt over 15 grader og lågare luftfukt enn skogflåtten. Om det blir endå varmare her i landet, vil nymfene kunne utvikle seg til vaksen flått, seier Stuen og legg til:
– Det er i dette stadiet flåtten treng blod frå større pattedyr. Menneske inkludert.
Sjølv har professoren ståande invitasjon til jaktflåttjakt i Tyrkia, der arten er svært utbreidd. Det er ei overraskande lite krevjande øving, fortel han, og slik sett noko me alle kan ta lærdom av:
– Jaktmetoden til forskarane i Tyrkia er enkel. Dei trampar berre hardt på bakken, og då sprett flåtten fram og spring etter dei. Om ein er ute i terrenget utanlands, bør ein difor alltid sjekke seg godt. Både for å unngå å få infeksjonar me enno ikkje har her – men også for å hindre at me tek med nye artar heim.

Slik beskyttar du deg og dyra dine
* Bruk lyse klede om du går i utsett terreng. Då ser du flåtten lettare.
* Dra gjerne sokkane over buksebeina, for å unngå at flåtten får feste.
* Undersøk heile kroppen kvar kveld. Flåtten går helst etter område med tynn hud; slik som lysken, hovudet og armholene.
* Om du finn flått, bør du fjerne han så raskt som råd. Bruk fingrane, pinsett eller flåttfjernar. Ta tak i flåtten så nært hovudet som mogleg og dra han rett ut. Om han har soge mykje blod og er stor, kan det vera lurt å vri flåtten litt medan du dreg han ut. Desinfiser området med klorheksidin eller pyrisept.
Dyr
* Flått kan utgjere ein fare for kjæledyra og husdyra våre, og det ikkje alltid dei same flåttartane som er farlege for menneske og dyr her i landet. Såkalla sjodogg (anaplasmose) og blodpiss (babesiose) er mest vanleg på dyr. Sjodogg tek til dømes livet av tusenvis av lam kvart år, og også rein og kyr er utsett for sjukdomen. Anaplasma-infeksjon kan behandlast med antibiotika, og det finst også medisin mot babesiose og borreliose for hund. I tillegg er det vaksine mot borreliose for hund.
* Det finst middel til hund og katt i form av dropar, spray, halsband og tablettar som skal verke førebyggjande mot flått.
* Dei vanlegaste symptoma på smitte hjå hund er at hunden ikkje har matlyst, er nedstemt, har feber og/eller verkar som han har vondt i ledda og haltar på eitt eller fleire bein.
* Fordi hundar snusar mykje, set flåtten seg ofte fast i hovudregionen deira. Den bør difor undersøkjast kvar dag. Har du hund og er usikker på om det er flått i eit området, får du fort fasiten om du slepp hunden laus, seier Snorre Stuen.